Romjul. Etter ei hektisk førjulstid og julehelg kan ein la julefreden senkje seg. Det kjennest godt å få lov til å kjenne litt på eigen kvilepuls. Men sjølv om ein tek livet med ro, treng ein ikkje gå heilt i dvale.

For min eigen del har eg tenkt å få tid til å skrive litt her på heimesida mi. I tida frå fyrste juledag til trettandagen vil eg prøve å leggje ut nokre små tankekorn, som den som ynskjer kan dvele ved og kan hende glede seg litt over. Det er eit korn for kvar dag, og under denne teksten vil det etter kvart kome eitt – nokre dagar to – bilete som er ein peikar til ein artikkel.