Høyrt om Gavin Bryars? Ikkje eg heller – før for nokre veker sidan.

150917_Jesus_blood_never_failedLitt tilfeldig dukka «Jesus blood never failed me yet» opp på ei speleliste på Spotify. Eg sette musikken på, og vart etter ei stund heilt trollbunden.

Det er sjeldan at eg vert så bergteken av musikk som eg vart denne dagen. Og når ein les bakgrunnshistoria som er knytt til musikken – Gavin Bryars har sjølv skrive om han på heimesida si, og du kan finne dette ved å peike og klikke her – forstår ein at det er mange som har opplevd at musikken talar sterkt til kjenslene.

Utgangspunktet er eit lydopptak med ein uteliggjar som syng eit utsnitt av ein åndeleg song. Opptaket vart gjort i 1971, i samband med at Gavin Bryars arbeidde med ein film for BBC om uteliggjarar i London. Dette opptaket vart ikkje nytta i filmen, men Gavin Bryars oppdaga at uteliggjaren song i eit toneleie som stemde med skalaen på eit piano, og han sette seg fore å lage eit akkompagnement til songen.

Arbeidet var ferdig i 1973. Uteliggjaren døydde året før, og fekk aldri oppleve å høyre musikken til Gavin Bryars. Men verket er blitt framført mange gongar etter den tid, og Gavin Bryars har vidareutvikla musikken fleire gonger. Mellom anna finnest det ein innspelt versjon som er over dobbelt så lang som originalversjonen, der Tom Waits syng saman med uteliggjaren.

Sjølv har eg kjøpt ein CD med ei innspeling av originalversjonen. Den er kobla saman med ein annan vakker komposisjon av Gavin Bryars : «The sinking of the Titanic». Men sjølv om også dette er flott musikk, er det likevel «Jesus blood never failed me yet» som er den viktigate grunnen til å kjøpe denne CD-en.

Det går også an å høyre denne musikken på youtube. Pass berre på at du tek deg tid og er innstilt på at dette er musikk som krev di merksemd.

Biletet øvst på sida er eit utsnitt av eit bilete som syner nedtakinga frå krossen. Biletet i Musee d’Unterlinden, Colmar. Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

Musikk frå hjarte til hjarte