Juleevangeliet er ei enkel historie som har inspirert til mykje flott musikk. Forteljingane knytt til påsken er mange og komplekse, men tilfanget av musikk til påske er adskillig mindre.

Men det er ikkje det same som å seie at slik musikk ikkje finnest. Og mykje av det som finnest av påskemusikk, er på mange måtar vel verdt å lytte til. Gode døme på dette er Matteuspasjonen og Johannspasjonen av Johann Sebastian Bach, og andre del av Händel sin Messias. Men det finnest også andre musikalske skattar for den som vil leite litt i dette landskapet.

Og eg vil bidra til å gjere leitinga lettare : På sidene mine for CD-omtalar vil eg i dei nærmaste dagane leggje ut nokre omtalar av musikk som er knytt til påsken, og etter kvart som omtalane vert lagt ut, vil eg opprette direkte peikarar til dei frå denne sida. Desse kjem fram i feltet nedunder. Bla fram og attende ved å peike på dei grøne hakene til høgre og venstre, og velg omtalen ved å peike og klikke på overskrifta.

Biletet over er eit utsnett av eit måleri på alteret frå Tauerbischofsheim, og laga av den tyske målaren Matthias Grünewald.

Musikk som er knytt til påskehøgtida