Det hender at folk på Facebook deler med meg innlegg frå Nettavisen. Så å seie utan unntak har innlegga direkte eller indirekte handla om innvandrarproblematikk.

7. mars 2016 kom eit nytt innlegg. Det handla om politiet i Östersund i Sverige som frårådde kvinner å gå ut om natta åleine. Etter å ha googla saka, kan det sjå ut som om to aviser – Adressa og Nettavisen – har lagt ut denne saka som ser ut til å vere henta frå NTB. Ordlyden er i alle fall den same.

Her er det ikkje nemnt noko om bakgrunnen til overgriparane.

Svenske medier, mellom desse ÖstersundPosten, har fleire detaljar. Her kjem det fram at det på kort tid har vore seks liknande overgrepsepisodar. I eitt tilfelle er ein gjerningsmann pågripen. Nasjonalitet er ikkje gjort kjend.

I eit anna tilfelle framgår det at overgriparane – det var tre i talet – snakka svensk med aksent. Ut over det ligg det etter det eg kan sjå, ikkje føre nokon dokumentasjon på kven som har stått bak, eller kvar dei måtte kome frå.

Men der fakta manglar, florerer teoriane, og mange har ikkje kvidd seg for å henge bjølla på det dei meiner er katten. «Slik er Islam, ondskapens religion,» skriv ein kommentator på Nettavisen sine sider. «Islam er ond fordi Muhammed var ond,» skriv ein annan, og lever ut fantasiane sine slik i ein annan kommentar : «Ellers ser vi fra Sverige at frykten nå har satt seg i 50% av kvinnene. Noe man godt kan forstå når en kvinne blir overfalt av primitive neandertaler fra Syria, som bare kan grynte «Svenske hore» når de prøver voldta. Og skjærer opp brystet hennes med tapetkniv eller barberblad.» Ein skjermdump av kommentatorfeltet med denne kommentaren kan ein sjå ved å peike og klikke her.

Eg har vald å sladde namna på kommentatorane. Eikvan bør av og til syne skjemdarvit.

Det er altså mykje forstemmande å lese i dette kommentarfeltet. Kommentarfeltet på Facebook er slett ikkje betre.

Eg kritiserer ikkje Nettavisen for å leggje ut artiklar som denne. Og eg ynskjer ikkje å forby kommentarar som dei eg her har sitert frå. Men ytringsfridom er ikkje det same som fridom til å ytre seg uimotsagt, og eg synest Nettavisen burde ha teke moderatoransvar og påpeikt kva som faktisk står i det dei har publisert, og kva som er ytringar basert på kommentator sine fordommar.

Slik kommentarfeltet no framstår, fungerer Nettavisen som eit mikrofonstativ for folk som ser seg tente med krisemaksimering i ein krevjande situasjon når det gjeld innvandring til landet vårt. Det vil eg i det lengste tru at avisa ikkje ynskjer å vere. Men eg kan sjølvsagt ta feil…

Om toppbiletet : Dette er eit utsnitt av eit måleri av den nederlandske kunstmålaren Hieronimus Bosch. Her er det nytta for å illustrere korleis eg oppfattar ein del av kommentarane som eg har hatt den tvilsame gleda av å lese.

Nettavisen – ei rugemaskin for framandhat og islamofobi?