Av og til kan det vere greitt å rette merksemda mot noko andre har skrive på sine bloggar. Det gjer eg med dette.

Den 14. mai 2015 skreiv forfattar og lærar Agnes Matre eit svært tankevekkjande innslag på bloggen sin, agnesmatre.com. Her samanliknar ho det vi i vår beskytta del av verda oppfattar som vanskeleg i livet, med det andre har å stri med.

Eg skal ikkje attgi så mykje av innhaldet. Men eg ynskjer å gjere fleire merksame på det, og vonar at det vert lese av mange.

Stor takk til Agnes Matre for det ho her har skrive.

Og stor takk til fotograf Alex Berger som har teke det vakre fotografiet av påfuglen. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Nokre lånte fjør