Kirsti har fått mykje ros for trøyene ho har laga. Slikt inspirerer.

No er stjernetrøye nummer tre frå hennar hand ferdig. Det er svigerdotter vår som skal ha den. For meg ligg det ein fin symbolikk i at kona mi strikkar ei trøye til svigerdotter vår med eit mønster som har så sterk tilknytning til min familie. Trøya vert eit uttrykk for identitet, og for samhald.

Kjersti_si_trøyeDenne trøya vart ikkje lik dei andre Kirsti har strikka med dette mønsteret tidlegare. Ho er heilt open framme, slik som trøyene mor mi strikka. Men knappelista er annleis enn på trøyene mor mi laga, og halslinningen har også eit anna mønster, ein bord basert på den vesle stjerna i hovudmønsteret.

Tråd- og fargevalet er eit anna enn i dei tidlegare trøyene. At ein i dag har eit så stort utval av fargar å velje mellom, kan sjåast på som eit uttrykk for tida vi lever i no. Gunvor Tretteberg, som det er referert til tidlegare, fortalde at dei gamle trøyene ofte vart strikka i sauekvitt og sauesvart og deretter gjerne farga, anten i ein raudtone eller i lyseblått. Då ville trøyene anten framstår som lyseblå og svarte, eller raude og svarte.

I dag kan ein velje fargar etter kva ein synest kler den som skal bere trøya. Det synest eg godt ein kan gjere. Hadde dei som strikka dei opphavlege trøyene hatt same store fargeutvalet å velje i som vi har, ville sikkert dei gjort det same.

<< Forrige side : Eva-Lotta Staffas Neste side : Trøyegalleriet>>

 

09 – Nye trøyer