Dette diktet er kan hende Olav H. Hauge sitt mest kjende dikt. Men er det tilstrekkeleg godt kjend ?

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –

at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,

at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um

Her i Masfjorden er det ikkje så uvanleg sjå  gamle kvernhus. Dei står langsmed elvekantane og er tause minne om ei tid då folk sådde korn til eige bruk, og mol det til mjøl som dei baka brødet sitt av.

Sist mange av desse kvernene var i bruk, var under krigen. Det var ikkje uvanleg at folk stakk unna litt av grøden for å kunne spe på dei elles knappe rasjonane. Då var slike kvernhus – spesielt dei som låg litt avsides til – nyttige.

Desse to kongemonogramma fortel at denne kverna nok var brukt under krigen.
Desse to kongemonogramma fortel at denne kverna nok var brukt under krigen.

I dag er mange av kvernhusa dessverre mykje til nedfalls. Dei har ingen nytteverdi lenger, og det å skulle ta vare på dei, opplevest som for kostnadskrevjande. Men nokre av dei er tekne vel vare på, og det er interessant å ta ein titt inn i dei. Det har eg gjort – i nokre av dei, i det minste.

Noko som har forundra meg, er den litt spesielle dekoren som eg har funne på veggane i fleire av desse kvernhusa : Her er det skore inn bilete med kniv. Og motivet er mykje det same : båtar, helst litt store båtar. Eg har funne einmasta jekter og større seglskip, ja, endåtil dampskip er blitt skorne inn på kvernhusveggane.

Eg har ein teori om grunnen til dette : Når ein malar korn, må det alltid vere einkvan til stades som passar på prosessen. Det er viktig at kornet renn i akkurat rett mengd ut av bingen og ned mellom kvernsteinane. Kjem det for mykje korn på ein gong, vert ikkje mjølet skikkeleg malt. Kjem det for lite korn, kan kvernsteinane verte øydelagde. Vert dei tomme for korn og ikkje stoppa, kan det verte varmeutvikling grunna friksjon. Det skal ha hendt at kvernhus har brunne ned på grunn av slike hendingar.

Men ut over å sjå til at kornet renn passeleg fort er det lite som kan gjerast av den som passar på. Arbeid som kan ta merksemda frå malinga er ikkje å tenkje på. For ein som er van med å ha nevane fulle heile lange arbeidsdagen, kan nok denne tida attmed kvernsteinane ha vore langtekkeleg. Men kva anna kunne dei gjere medan dei sat der og passa på?

Dei kunne i det minste ta fram kniven og lage teikningar på veggen, til tidtrøyte. Det gjorde dei. Og det eg trur dei skar, var bilete av draumen sin. Draumen om eit betre liv, med mindre slit og meir rikdom. Dei laga bilete av jekta dei kunne reise med til byen. Kan hende drøymde dei om eit betre betalt arbeid der. Andre hadde større planar : Dei laga bilete av fullriggaren eller dampskipet som skulle ta dei med over havet, til Amerika.

Vi kan sjå bileta etter dei, og ha sympati med draumen deira. Vi kan lese diktet til Olav H. Hauge, og tolke det som eit ekko av draumen dei bar på, og som vi alle ber med oss. Draumen om eit godt liv for oss sjølve og våre.

Kan hende vi skulle ta fram att dette diktet og minne  kvarandre om det, når einkvan øser seg opp over desse «lykkejegarane som kjem hit og skal snylte på velferdsstaten vår». Det er nok rett av vi ikkje kan ta imot alle dei som kjem og gjerne vil bu i landet vårt. Men vi skal i alle fall ikkje sjå ned på dei fordi dei har same draumen som oss, og gjerne vil ha det slik vi har det.

Og nokre av dei er her av di dei ikkje har annan stad å gjere av seg nett no. Diktet til Olav H. Hauge er til for dei også.

Bileta oppe på sida har eg teke i eitt av kvernhusa eg har vitja.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.

 

Olav H. Hauge : Det er den draumen me ber på