For meg handlar dette diktet ikkje fyrst og fremst om idrett, men om noko som Per Fugelli kallar «godt nok». Vi kan ikkje alle vere meistrar, men noko kan vi strebe etter å meistre : Å fylle dei skorne vi har fått utdelt på ein slik måte at vi set fine spor etter oss.

Skeiserenn

Du startar i lag med storskridaren.
Du veit du ikkje kan fylgja han,
men du legg i veg
og brukar all di kraft
og held lag ei stund.

Men han glid ifrå deg,
glid ifrå deg, glid ifrå deg –
snart er han heile runden fyre.

Det kjennest litt skamfullt med det same.
til det kjem ein merkeleg ro yver deg,
kan ikkje storskridaren fara!

Og du fell inn i di eigi takt
og kappskrid med deg sjølv.
meir kan ingen gjera.

Biletet på toppen er eit utsnitt av eit fotografi, teke ved ein kanal i Friesland, Nederland, av Paul van Ejden i 2007.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.
Olav H. Hauge : Skeiserenn