Her om dagen ringte eg ein kjenning.
– Eg sit og les «Under bergfallet», sa han.
– Eg synest det høver så godt, no i desse koronatider.

Eg måtte finne fram diktet sjølv og lese det
– og kunne ikkje anna enn å gi han rett.
Meir enn 25 år etter sin død veit Olav H Hauge
å setje gode ord på dagsaktuelle tema.

Under bergfallet

Du bur under bergefall.
Og du veit det.
Men du sår din åker
og trør trygt ditt tun
og lèt dine born leika
og legg deg
som inkje var.

Det hender,
når du stør deg til ljåen
ein sumarkveld,
at augo sviv som snarast
yver bergsida
der dei segjer
sprekken
skal vera,
og det hender
du vert liggjande vaken
og lyda etter
steinsprang
ei natt.

Og kjem raset,
kjem det ikkje uventa.
Men du tek til å rydja
den grøne boti
under berget
– um du då har livet.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit fotografi av Helleren i Jøssingfjorden, teke av Astrid Westwang (c).

Olav H Hauge : Under bergfallet