I det siste har det fleire gongar dukka opp på facebooksida mi to spesielle oppslag, delt av ulike facebookvenner eg har. Dei har same bodskap og nyttar same verkemiddel : Den kjende klimaaktivisten Greta Thunberg vert sett opp imot påstandar om at batteri til el-bilar vert produsert med stoff som vert framstilt ved hjelp av barnearbeid. Bodskapen er at ho som priviligert jente frå eit velståande land i vesten har lite å klage over samanlikna med desse borna frå Kongo.

Skjermdump av begge oppslaga er attgitt nedunder. Ved å peike og klikke på det einskilde oppslaget kan ein sjå det i 100% storleik. (Dette gjeld også dei andre bileta i artikkelen.)

Det eine oppslaget er signert «Libertinius». Bak dette noko kryptiske namnet kan det sjå ut som om det skjuler seg to karar frå ein fylking som kallar seg Liberalistane, Roald Ribe og Jan-Øyvind Lorgen. Det er uklårt om det er  ein av desse eller begge som står bak dette oppslaget, eller om det er ein helt annan.

Men med utgangspunkt i innhaldet, kan eg godt forstå at opphavsmannen ynskjer å vere anonym.

Opphavsmannen til det andre oppslaget har stått fram med fullt namn. Arve Kvaløy, som han heiter, skal ha honnør for det. Han har forresten lagt ut informasjon om at eitt av dei tre bileta han har nytta som illustrasjonsfoto, faktisk syner barnearbeid knytt til koboltproduksjon, som altså mellom anna vert nytta i batteri til el-bilar. At våpenindustrien også er ein storforbrukar av kobolt, vert av ein eller annan grunn ikkje nemnd…

Og så meiner han at han som privatmann må kunne tillate seg å nytte biletmateriell som skildrar problemstillinga han vil reise, utan at dette skal nyttast mot argumentasjonen hans. Kan hende er det greitt, men det hadde sikkert gjort seg betre om han faktisk hadde gjort merksam på at dei aktuelle bileta ikkje syner born som arbeider for å hente fram kobolt til Tesla.

Slik bileta er sett saman i ytringa hans, er det lett å tru at det er ein direkte samanheng mellom påstandane og meiningane hans og innhaldet på bileta. Ein slik samanheng er det altså ikkje.

Og sidan vi er inne på påstandane i innlegget til Arve Kvaløy, kan det vere greitt å samanhalde påstanden om at Greta Thunberg har «et stort ego og lite forståelse for reelle problemer i verden» med eit uttrykk for kva som er Greta Thunberg si forståing av reelle problem i verda:

Attmed er ein skjermdump av eit utdrag frå talen Greta Thunberg heldt i FN. Det går fram av den at ho faktisk er svært medviten om at ho er eit privilgert barn av i dag, og at ho snakkar for fleire enn berre seg og «sine». Utdraget skjermdumpen er henta frå, kan ein sjå ved å peike og klikke her.

Ho har gode grunnar til å hevde at ho snakkar på vegne av mange andre – også dei som ikkje er så priviligerte som ho sjølv : Eitt av dei områda som nett no opplever store konsekvensar av klimaendringane, er nettopp heimeområdet til dei kongolesiske borna som desse tre ovannemnde herrane tilsynelatande har slik omsut for. Sviktande nedbør i områda sør for Sahara med dei fatale konsekvensane det vil ha for folk som bur der, vert sett i samanheng med klimaendringane. Stemmer det at ein slik samanheng finnest, har Greta Thunberg synt seg å vere ei stemme for desse borna også.

Men så til problemområdet Greta Thunberg sitt engasjement vert sett opp mot : barnearbeid. Det er eit stort og høgst reelt problem. Antalet barnearbeidarar på verdsbasis er høgt, vi snakkar om meir enn 150 millionar arbeidarar mellom 5(!) og 17 år. ILO ( Den internasjonale arbeidsorganisasjonen ) fører statistikk på dette – siste reviderte og publiserte statistikk er frå 2016. Illustrasjonen attmed attgjev nøkkeltal i denne statistikken. Meir informasjon kan ein finne ved å peike og klikke her.

Som det vil gå fram av det som står å lese her, skjer mesteparten av barnearbeidet innan landbruk og landbruksbasert næring. Det handlar altså om mellom anna framstilling av matvarer og naturfiberbaserte tekstilar. Sjokoladeindustrien er ein industri der barnearbeid ikkje har vore uvanleg. Tekstilindustrien i Asia er ein annan.

I den grad vi faktisk ynskjer å få bukt med barnearbeid, finnest det truleg andre verkemiddel som er langt meir effektive enn å slutte å engasjere seg for klimasaka.

  • Ei kritisk haldning til eige forbruk kan vere eitt av dei.
  • Vilje til å betale det ei vare faktisk kostar, er eit anna. (Fairtrade er eit døme på forsøk på å gjere noko med dette.)
  • Gitt at det er dei fattigaste mellom oss som må ty til barnearbeid og også fyrst merkar konsekvensane av klimaendringane på kroppen, er det ikkje utenkjeleg at eit framhald av engasjementet for klimasaka faktisk vil vere eit positivt bidrag til reduksjon – og på sikt opphør – av barnearbeid.

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit bilete som syner ein barnearbeidar som reingjer maskiner på ein fabrikk i Pakistan. Meir info om biletet finn ein ved å peike og klikke her.

 

Om born som arbeider for klimaet, og anna barnearbeid