Eg er overtydd om at det er i alle sin interesse at vi har ei fri, uavhengig og ikkje minst etteretteleg presse. Difor er eg villig til å støtte dette med eigne midlar gjennom å abonnere på aviser. Eg ser på det som ei investering i auka kunnskap og innsikt. Men eg forlangar å få noko att for investeringa mi. Eg forlangar at informasjonen eg betalar for å få, er til å stole på.

Avisgutt. (C) InfoWire.dk

Det er ikkje det at vi manglar informasjon. I grunnen er det altfor mykje av det. Mesteparten av informasjonen vi har tilgjenge til, klarar vi ikkje å få del i. Og det er ikkje sikkert at vi alltid får med oss den informasjonen som er viktigast. Det er her eg føler eg må få hjelp. Og gode aviser kan gi meg slik hjelp.

For meg er kriteriet på ei god avis at ho finn fram til viktige saker, og at ho etter beste evne belyser desse ved å plukke fram og setje saman relevant og korrekt informasjon. Når eg føler at eg kan stole på informasjonen eg får, føler eg også at eg kan danne meg meiningar og gi uttrykk for desse, basert på den informasjonen.

Og slik reknar eg med det er for mange – også politikarar som skal ta avgjerder som har konsekvensar for einskildpersonar og for store eller små samfunn. Dersom informasjon frå ei avis ein politikar har vald å stole på bidreg til utfallet av ei politisk avgjerd vedkomande gjer, ligg det eit stort ansvar på avisa om å vere etterretteleg og ha gitt politikaren eit godt vurderingsgrunnlag.

Eg har vald å tru at avisa som kallar seg «Vestlandets storavis», er til å stole på. Konsekvensen av det er at eg i om lag 35 år har abonnert på Bergens Tidende. Og eg har i utgangspunktet ikkje tenkt å slutte med det, for framleis vel eg å tru at avisa har ambisjonar om å framstå som ei fri, uavhenging og etterretteleg informasjonskjelde for meg og for andre som betalar for at ho skal vere det.

Men kva så når eg oppdagar at saker eg har ein viss kjennskap til, vert framstilt på ein slik måte at eg opplever at viktig og relevant informasjon vert halden attende eller forvrengt? Kva så når ei sak vert framstilt på ein måte som gjer at eg følar grunn til å frykte at saksframstillinga kan kome til å påverke politiske avgjerder?

Det gjer sjølvsagt noko med tilliten min som lesar av avisa. For når ei sak eg veit noko om vert framstilt på ein måte som eg oppfattar som tendensiøs eller spekulativ, kva då med alle dei andre sakene som eg ikkje veit nok om til å vurdere sanningsgehalten av ?

Dette vil eg skrive litt om, med utgangspunkt i ein heilt konkret artikkel i Bergens Tidende.

Om bruk og misbruk av pressemakt