Måndag 9. oktober 2017 skreiv ein journalist frå Bergens Tidende om arbeidet med å få til ei finansiering av ei bru mellom Masfjordnes og Duesund. Saka kom som fyrstesideoppslag, og inne i avisa var det sett av heile to sider til saka.

Å lese denne artikkelen var ei selsom oppleving – både på grunn av det som stod der, og på grunn av stoff som var utelate. Eg vil ta nokre på døme på dette, med utgangspunkt i sitat frå artikkelen. Desse er merka med hermeteikn og skrivne i kursiv.

«Ordfører Karstein Totland (H) haster gjennom den tomme hovedgaten i kommunesenteret Masfjordnes.» Det journalisten vel å kalle «Den tomme hovedgaten» er eit par hundre meter fylkesveg mellom kommunehuset og ferjekaien på Masfjordnes. Det vert ikkje betre når han kjem med fylgjande interessante påstand : «Han (samferdslesjef Håkon Rasmussen) viser til den nærmere tre mil lange fylkesveien som går fra Masfjordnes til Andvik på E39.»

Andvik? Andås? E39? Fv570? Fv374? Aldri så nøye, tydelegvis. Men det er slik, tenkjer eg, at dersom ein journalist skal skrive noko fornuftig om ei sopass omfattande sak som denne, er det greitt å vise at ein er nokonlunde førebudd, har tilstrekkeleg bakgrunnsinformasjon og forstår kva saka gjeld.

Døma ovanfor er skjemmande, men likevel ubetydelige detaljar samanlikna med kva journalisten elles har funne det for godt å bringe vidare.

Ta til dømes attgjevinga av eit intervju med fungerande fylkesordførar Pål Kårbø : «Han forteller at de (kven?) er skeptiske til tallene som er kommet fram i regnestykket.» Greitt nok, men hadde det då ikkje vore på sin plass å spørje kva denne skepsisen består i? Og når fylkesordføraren i neste omgang hevdar at «De (tilførselsveiene) er lange og vil koste milliarder å ruste opp.», burde eit betimeleg spørsmål vere : Kor mange milliardar, og kva er berekningsgrunnlaget for det? «Trafikken er lav.» Javel – vil det vere grunn til å forvente at brusambandet vil endre på dette? Eg kan sjølvsagt ikkje vite om journalisten spurde Pål Kårbø om dette, men konstaterer at han i alle fall ikkje har brydd seg med å attgi det.

Derimot veit eg at journalisten har snakka med andre som han i etterid ikkje har vald å attgi. Ei av dei som faktisk vart intervjua, skreiv i ettertid dette – sitat : « I tillegg til å leita opp dei to brumotstandarane, kom journalistane ein tur bortom kaféen og prata med meg. Dei ville gjerne snakka med «nokre vanlege bygdefolk», og eg fortalde om mitt syn på saka, der eg gav full støtte til ordføraren og kommunstyret sitt arbeid. I tillegg viste eg til folkemøtet som var her på kaféen for ei tid tilbake, med stort frammøte og overveldande støtte for bruprosjektet. Kom det med ? Nei, det passa nok ikkje inn i den vinklinga avisa hadde bestemt seg for.»

Til gjengjeld var det andre som vart attgitt så det heldt. Sjølvsagt er det bra at dei to hytteeigarane som fekk godt med spalteplass i artikkelen, vart gitt høve til å synleggjere at det å byggje ei slik bru vil gå ut over nokon, på ein eller annan måte. Og det er betimeleg at ulempene dei vert påførte, vert vekta opp mot dei fordelane ein ser med å byggje brua. Men det føreset at ein tek med grunnane til at ( som journalisten så overraskande presist skriv ) «Lokalt virker det å være stor stemning for å få realisert sambandet.». Slike finnest nemleg, i skriftleg form og tilgjengeleg på nettet. Det er eit ope brev til fylkesutvalet i Hordaland, og bak dette står eit samla Gulen og Masfjorden næringsråd. Ein kan lese det ved å peike og klikke her.

I staden vert det brukt plass på å la dei to hytteeigarane få lov til synse om den samfunnsmessige nytten av eit slikt samband. At desse tenkjer som dei tenkjer og meiner som dei meiner, er sjølvsagt ei ærleg sak. Men at dette er det einaste som vert skrive om den samfunnsmessige nytten av sambandet i ein sopass stort opplagt artikkel, er etter mi meining direkte pinleg. Og eg meiner det er uansvarleg journalistikk, av di folk som ikkje veit betre kan kome til å lene seg på autoriteten ein artikkel i ei sopass velrenommert avis som BT trass alt er, og tru at dette er den heile og fulle sanninga.

Det er det sjølvsagt ikkje. Forutan dei argumenta knytt til næringsutvikling som Gulen og Masfjorden dreg til torgs, kan ein nemne at det er beredskapsmessig gode argument for å ha eit alternativ til E39 mellom Bergen og Sognefjorden. Men det ligg utanfor rammene av denne artikkelen å ta det opp, ut over å nemne at desse argumenta er totalt fråverande i framstillinga i Bergens Tidende.

Det er soleis ikkje vanskeleg å forstå bakgrunnen for uttalen frå ho som vart intervjua : «Nei, det passa nok ikkje inn i den vinklinga avisa hadde bestemt seg for.» Om påstanden er rettvis ovanfor journalisten og avisa, skal eg vere forsiktig med å seie. Men eg har konstatert at dette er eit inntrykk fleire enn ho sit att med.

At dette rokkar ved Bergens Tidende sitt omdøme, burde dei ansvarlege i avisa forstå. Men gjer dei det, og bryr dei seg i så fall om det? Det kan i alle fall sjå ut til at dei ikkje er særskilt interesserte i å gjere noko for å halde på omdømet. Dette skriv eg meir om på neste side.

Om bruk og misbruk av pressemakt