Som regel ser eg på TV for underhaldninga sin del. TV kan vere triveleg tidtrøyte. Men av og til kan det vere noko meir. NRK har i januar 2017 sendt ein serie med fem viktige program.

I dokumentarserien «På Flukt» syner Leo Ajkic – sjølv flyktning frå Bosnia – tilskodarane ulike sider ved flyktningeproblematikken. Og han gjer det ved å presentere oss for menneske. Vi møter vatnseljaren i Libanon som fekk tilveret sitt snudd opp-ned då tilreisande flyktningar øydela næringsgrunnlaget hans. Vi møter den norske hjelpearbeidaren på tokt i redningsbåt i Middelhavet. Vi møter han som tok turen over Middelhavet for å prøve å skape eit betre liv for seg og sine. Vi vert fortald om den unge mannen som drukna på veg over Middelhavet. Vi møter ein menneskesmuglar i Sahara. Vi møter den norske innvandringsskeptikaren som endte opp med i invitere mindreårige asylsøkjarar på fisketur.

Leo Ajkic presenterer oss for desse menneska på en måte som ikkje eggar til konflikt. Han angrip ikkje dei som måtte vere usamde med han sjølv. For meg framstår  han som ein reportar som let folk fortelje si historie, og som har ein reflektert distanse til det han sjølv formidlar.

Eg trur ikkje det Leo Ajkic syner oss, er den heile og fulle sanninga. Til det er sanninga for kompleks. Men han kan gi oss eit lite glimt av delar av sanninga, og eit innsyn som andre kan hende ikkje ser seg interessert i å formidle. Det er dessverre slik at einskilde ser seg og saka si best tent med å framheve moglege negative sider ved migrasjon. Eit trist døme på dette har eg skrive om tidlegare i denne artikkelen.

Migrasjon er eit fenomen som vi sannsynlegvis vil sjå meir til i åra som kjem. Det er difor viktig at vi prøver å gjere oss kjende med ulike sider av dette. Kva som utløyser migrasjon, og kva konsekvensar migrasjon har, både for landa folk fer frå og landa dei kjem til. Programserien til Leo Ajkic kan vere eit lite, men viktig bidrag i dette.

Biletet øvst på sida er teke av Mstyslav Hemov, og syner syriske flyktningar som kryssar grensa mellom Ungarn og Austerrike, på veg til Tyskland. Mer informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Om flyktningar, asylsøkjarar og andre medmenneske