Eg har lært meg å setje pris på at ikkje alle meiner det same som eg. Mangfald – også meiningsmangfald – er av det gode, synest eg.

Eg har i ei tid hatt ein del korrespondanse på nettet med ein hyggeleg kar som bur i Rogaland. Han er aktiv på Facebook, og delar raust fine fotografi og små dikt med oss som fylgjer han der. Sjølv om eg ikkje alltid er like flink til å uttrykkje det, set eg stor pris på å sjå det han publiserer.

Vi har altså ein del interesser felles – poesi og fotografi, og kanskje meir enn det også, kva veit eg?

På andre område er vi nokså ulike. Det gjeld mellom anna i synet på klimaspørsmål, og i høve innvandring – spesielt den som er knytt til muslimske innvandrarar. Eg har også ei formeining om at vi ikkje heilt har same oppfatninga av religion.

Vi har hatt oss nokre rundar på Facebook der vi har drøfta spørsmål knytt til klimaspørsmål og innvandring. Også dette har eg sett stor pris på.

For det er i diskusjon med dei ein er usamd i, at ein vert nøydd for å tenke gjennom og prøve å setje ord på kva ein meiner er rett, og kvifor ein meiner det. Så om diskusjonen ikkje endar opp med semje om ein konklusjon, har han likevel så å seie alltid vore nyttig – for meg, i det minste.

Og så hender det at ein får presentert tankar og idéar som ein sjølv ikkje har tenkt på, eller sett inn i den aktuelle samanhengen. Slikt kan gi ei betre forståing av situasjonen. Av og til kan det til og med føre med seg at ein endrar standpunkt. Og så kan ein vone at det av og til også skjer andre vegen…

Det er no rette tid for å introdusere den russiske pedagogen Lev Vygotskij. Ein kan lese meir  om han ved å peike og klikke her.

I denne samanhengen er Vygotski relevant av di han mellom mykje anna arbeidde med ein læringsteori som heiter konstruktivisme, og ein pedagogikk som heiter sosialkonstruktivistisk pedagogikk. Enkelt forklårt går den ut på at ein lærer nytt ved å knyte det nye opp mot det ein alt veit – eller trur ein veit – frå før. Ein byggjer ny kunnskap ved å knyte den saman til tidlegare kunnskap, og skapar samanhengar mellom dei omgrepa – eller fakta – ein tileignar seg.

Ein god måte å gjere dette på, er gjennom samtale. «Eg høyrer kva eg seier, så eg veit kva eg meiner.» Og skal ein framstille eigna tankar for ein person ein er usamd med, så er det spesielt viktig – og veldig nyttig – å vere tydeleg på kva det er ein faktisk står for, og kvifor.

Dessutan er dette ein nyttig metode for å teste ut eiga forståing av det ein tenkjer at ein har lært. Ein tolkar ny informasjon i lys av det ein meinar å vite frå før. Ved å dele tolkinga med folk som gjerne ser situasjonen på ein annan måte, kan ein prøve ut validiteten av det nye ein sjølv meiner å ha lært.

Difor meiner eg at det fylgjer både nytte og glede med det å vere usamd.

Så får ein leve med at andre tek del i diskusjonen og bidreg med klovnefjes og karakteristika av personar i staden for å kome med argument. Begge delar er heilt sikkert ærlege uttrykk for kva avsendar meiner. Og når ein vert kalla kverulant, så kan det faktisk tenkjast at ein vert kalla det av di ein framstår som det, eller er det. Men konstruktive bidrag i ein diskusjon er denne typen bidrag ikkje.

Om gleda og nytten ved å vere usamd