«Humbug», sa verdas mest kjende gjerrigknark – Ebenezer Scrooge – i Charles Dickens si forteljing «A Christmas Carol». Han snakka om julefeiringa, som han ikkje forstod meininga med.

Det er mange som tenkjer som Ebenezer Scrooge : «Det vi ikkje forstår vitsen med, vil vi ikkje støtte opp om.» Redaktør i Nettavisen, Gunnar Stavrum, ser ut til å vere mellom dei. 25. januar 2017 la han ut ein artikkel med overskrifta «Kutt den offentlige støtten til religiøse trossamfunn». Artikkelen kan ein lese ved å peike og klikke her.

I artikkelen står det mellom anna at «Programkomiteen i Fremskrittspartiet foreslår nå at det skal inn i programmet at «Frp vil fjerne tilskuddsordningen for trossamfunn». Det skal også gjelde Den norske kirke.» Gunnar Stavrum refererer her til ein artikkel på nettstaden Fritanke.no – denne kan ein lese ved å peike og klikke her.

Det kan sjå ut som om Gunnar Stavrum støttar seg på to argument når han går inn for at den offentlege støtta til trussamfunn skal kuttast :

Det eine argumentet byggjer på eit prinsippielt syn om at religiøs aktivitet ikkje høyrer inn under dei tiltaka som staten skal støtte. «Staten bør ikke legge seg opp i hva folk tror på. Religion er en privatsak, og det kan ikke være en statlig oppgave å finansiere forkynning, «  skriv Gunnar Stavrum i artikkelen. Her får han – ikkje uventa – støtte frå fra livssynsrådgjevar Lars-Petter Helgestad i Human-Etisk Forbund: – Dette er et prinsippielt ryddig standpunkt som er helt uproblematisk i forhold til menneskerettighetene. Staten er ikke forplktet til å betale en krone til tro og livssyn, hvis bare alle behandles likt, seier han.

Det andre argumentet er litt mindre prinsippielt : Gunnar Stavrum påpeikar at når medlemstalet i Den norske kyrkja går ned utan at dei statlege overføringane til kyrkja vert tilsvarande redusert, fører dette med seg ein auke i støtte pr registrert medlem. Ut frå eit prinsipp om at alle trus- og livssynssamfunn vert handsama likt, fører dette med seg ein auke i støtta til andre trus- og livssynssamfunn. Ein konsekvens av dette er mellom anna at katolske og islamske trussamfunn, som opplever ein reell auke i medlemstalet, får større overføringar frå staten.

Når Gunnar Stavrum nyttar dette siste som ein del av ein argumentasjon for å fjerne ordninga med offentlege overføringar til trus- og livssynssamfunn, er det nærliggjande å tru at han ser på denne auken som uynskt. Og han er pressemann god nok til å vite at for mange er synet på islam sopass negativt at dette er argumentasjon som er lett å selge inn til dei. Ut over det synest eg ikkje argumentet er verdt ein kommentar.

Men det kan vere grunn til å sjå nærare på den meir prinsippielle sida ved saka, og spørje om det er rett at det offentlege skal støtte opp under aktiviteten i trussamfunn.

«Økonomisk er dette en overføring via skatteseddelen fra dem som ikke tror på en gud, til de som tror,» skriv Gunnar Stavrum. Det har han rett i. Men at folk bidreg over skatteseddelen til føremål dei sjølve ikkje får glede av, er eit fenomen som ein finn att mange stader når det offentlege går inn med midlar. Her kjem nokre døme :

  • Over skatteseddelen gjer folk støtte til kulturtilbod dei sjølve aldri får glede og nytte av.
  • Over skatteseddelen gjer folk støtte til politiske parti dei sjølve aldri ville stemt på.
  • Over skatteseddelen gjer folk støtte til etablering av infrastruktur i delar av landet dei sjeldan eller aldri oppheld seg i.

Lista kunne vore gjort mykje lengre, noko Gunnar Stavrum heilt sikkert er merksam på. Men det er faktisk slik prinsippet om offentlege overføringar fungerer. Vi betalar inn til fellesskapet som fordelar det vi betalar inn, til ulike føremål etter ei vurdering av nytteverdien av dei.

Korvidt eller i kva grad eg som einskildperson har trong for eller ynskje om å gjere meg nytte av føremåla som har fått støtte, vil variere. Det vert difor feil å ha eigennytte som målestokk når ein skal diskutere korvidt eit føremål skal få støtte eller ikkje.

Sjølv er eg ( utmeld, og deretter innmeld igjen  ) medlem av Den norske kyrkja, og glad for at ho finnest. Eg har sett kor viktig ho kan vere både for min eigen del, men også for andre sin del. Når Gunnar Stavrum i artikkelen sin skriv at «det kan ikke være en statlig oppgave å finansiere forkynning», så kan det vere på sin plass å nemne at kyrkja si rolle i mange menneske sine liv er langt meir enn å vere ein arena for forkynning.

Og eg vil tru at dette også gjeld dei andre trus- og livsynssamfunna som i dag mottek offentleg støtte. Samfunna er viktige for dei som er medlemer der, og dei kan bidra positivt til folk sin livskvalitet. At det offentlege brukar midlar på dette, burde ikkje vere meir kontroversielt enn andre føremål det vert nytta midlar til.

Ebenezer Scrooge evna nok å gjere seg sjølv rikare. Men samstundes gjorde han samfunnet han var ein del av, fattigare. Er det slik vi vil ha det ?

Om biletet øvst på sida : Det syner ein rekvisitt frå filmen «A Christmas Carol» frå 1984. Gravsteinen er framleis å finne på kyrkjegarden på St Chad’s Church, Shrewsbury. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Om Gud og Mammon eller Gud eller Mammon, eller…