Kan Kjell Otterstad sitere Øysten Sunde, må eg kunne sitere Alf Prøysen.

21. november har hytteeigar Kjell Otterstad eit lesarinnlegg med overskrifta «Bro over Masfjorden, «kjekt å ha»?» i Avisa Nordhordland, der han hevdar at næringslivet i Masfjorden stadig vert trukke fram når det vert skrive om Masfjordbrua. Det skulle vore interessant å vite kva han legg i omgrepet «stadig»…

Litt lenger nede i innlegget sitt spør han så kva dette «næringslivet» består av, og gjev eit slags svar sjølv : «De private arbeidsplassene finnes hovedsakelig innenfor serviceyrker som håndverkere, bilverksted, handel, entrepenører og bønder, og de er ikke veldig mange.»

Det kan sjå ut som om Kjell Otterstad meiner at næringslivet i Masfjorden er så lite og ubetydeleg at det ikkje er noko ein treng å bry seg om når ein skal vurdere nytteverdien av eit brusamband over Masfjorden.

Kjell Otterstad peikar på at det vert referert til eit brev til Hordaland fylkeskommune om saka. Brevet som det vert referert til, vart sendt Hordaland fylkeskommune frå Gulen og Masfjorden næringsråd, og startar slik : «Næringslivet i Masfjorden og Gulen har eit felles interesseorgan, Gulen og Masfjorden Næringsråd (Næringsrådet), med 72 medlemsbedrifter tilhøyrande bransjar som marine næringar, maritime næringar, bygg og anlegg, transport, varehandel, service og mindre selskap knytt til primærnæringar og reiseliv. Også BKK er medlemsbedrift i Næringsrådet.»

Dei som meiner at Masfjordbrua er eit viktig tiltak for utvikling av næringslivet, utgjer altså ei langt større og meir mangfaldig gruppe næringsdrivande enn det Kjell Otterstad prøvar å gi eit inntrykk av.

Det er rett som Kjell Otterstad påpeikar, at mesteparten av desse arbeidsplassane ligg i Gulen kommune. Men også desse vil ha nytte av eit brusamband over Masfjorden.

I innlegget sitt hevdar hytteeigaren dette: «Næringslivet i Gulen, hva skal de bidra med til broen, bompenger? Nei, de kommer bare til å bruke Masfjordsambandet de få gangene fergen må innstille pga dårlig vær, og om natten etter at siste fergen har gått mellom Sløvåg og Leirvåg. På alle andre dager vil en velge fergen fra Sløvågen framfor den dårlige omveien på FV570!» Denne utsegna står noko langt frå det næringslivet sjølv skriv i brevet til Hordaland fylkeskommune, der ein kan lese fylgjande: «Samfunnsutvikling og kritisk infrastruktur som fornuftige vegløysingar samsvarer ikkje med dei moglegheitene næringslivet representerer. God kommunikasjon og fleksibilitet er heilt avgjerande for utvikling og vekst. Ein må også ta med seg regionen si utvikling over eit lengre perspektiv, og kommunane er avhengige av tilførsle både av tilflyttarar og pendlarar for å halda eit veksande næringsliv med ressursar. Masfjordbrua er heilt avgjerandre for å halda tritt med utviklinga, og for å skapa lønsame og attraktive arbeidsplassar her i distriktet.»

Kven har mest truverde i denne samanhengen – hytteeigaren som kjempar for å behalde hytta si, eller eit samla næringsliv som kjempar for å få ein infrastruktur som gjer at ein kan forvente utvikling og vekst i området?

Kjell Otterstad avsluttar med eit ynskje om at politikarane på fylkestinget kjem fram til ei avgjerd basert seg på at dei har sett seg godt inn i alle sider av saka. Det ynskjet deler eg.

Biletet oppe på sida er henta frå ein annan tekst av Alf Prøysen – teaterstykket «Trost i taklampa». Eg synest biletet illustrerer korleis masfjordingar flest truleg vil reagere dersom/når fylkestinget vedtek søknad om brumidlar. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Om Masfjordbrua : «…og at det er en nyttig ting, kan ingen komme fra.»