Om ei som strikka trøyer, og om ein som bar ei

Gamal trøye frå Sotra. Eigar : Bergen Museum
Gamal trøye frå Sotra. Eigar : Bergen Museum

I bygdesoga for Fjell (1970) skriv Gunvor Trætteberg at tradisjonen med å strikke åttebladroser truleg kom til Sotra med jekteskipparar frå Hardanger kring 1850. Det kan sjå ut som om denne strikkemoten raskt vart populær, for ein finn fleire eldre fotogafi av personar frå ulike stader i dette distriktet som går med slike trøyer som eit stasplagg.

Det er teke vare på trøyer som er svært forseggjorte, og ein kan sjå  mange variantar både med omsyn til hovudmønster og mønster på mansjettar, skulderkant, halslinning osb. Det er også ulikskapar med omsyn til om dei hadde kort knappeopning eller var heilknappa.

Dette får meg til å tru at det var mange som laga slike trøyer rundt om. Men kan hende var nokre flinkare enn andre, og kan hende hadde nokre av dei strikking og sal av slike trøyer som ei lita inntektskjelde.

Oldefar - Nils Olai Storesund
Oldefar – Nils Olai Storesund

Det er her oldefar kjem inn i biletet, trur eg.

Oldefar, Nils Olai Storesund (1881 -1952) må ha vore ein fargerik mann på mange vis. Han var handelsmann, fiskeoppkjøpar, og lokal doktor når det trengdest. Det vart fortald at ein fiskar hadde brote foten, og oldefar hadde spjelka han. Då fiskaren i ettertid oppsøkte lege, spurde legen kven som hadde teke seg av han og spjelka foten. Då han høyrde kven det var, sa han berre: «Ja, er det Storesund som har gjort det, treng ikkje eg sjå på det. Han er flink og nøye med den slags.»

Og like nøye var han med utsjånaden sin, etter det eg har høyrt. Han la stor vekt på å ta seg godt ut, og eg innbiller meg at når Nils Olai fyrst skulle ha seg ei stjernetrøye, skulle det vere ei ekstra fin ei.

Mormor har fortalt at trøya skal ha vore strikka av ei kone frå Kallestad, som er ein gard eit stykke frå Storesund, der oldefar budde. Kven denne kona kan ha vore, veit eg ikkje. Men eg tenkjer meg at trøya er bestilt av oldefar, og anten betalt med pengar eller teken i byte for varer oldefar selde. Med tanke på kva tid oldefar var fødd, vil eg gjette på at trøya kom i oldefar si eige rundt 1910 eller litt tidlegare.

<< Forrige side: Trøyer og tradisjonar Neste side : Frå stas til shoddy >>
02 – Ein ukjend strikkar, og ein kjend oldefar