Det må minst to til for å få til ein samtale – ein som snakkar og ein som lyttar. Å få til ein god samtale kan vere meir krevjande : Ein god samtale er kjenneteikna ved at deltakarane lyttar og snakkar vekselvis, kvar sin gong.

Eg har lese ikkje så få – og delteke i ikkje så mange – diskusjonar på nettet om ulike tema. Det har ofte vore lærerikt. Eg har oppdaga at det eg har lært mest av, ikkje har vore konklusjonane til dei eg har debattert med. Meir lærerikt har tankegodset som har ført fram til konklusjonen deira, vore.

160229_Døv_mannNokre gongar har læringsutbyttet forresten vore nokså magert. Det har som regel vore når diskusjonen ikkje har flytta seg frå konklusjonane. Nokre gongar trureg dei eg har diskutert med, ikkje har villa dele med andre grunnane til at dei har konkludert slik dei har gjort. Andre gongar trur eg at dei ikkje er i stand til det.

Men minst like ofte kan nok skulda vere mi eiga. Er tankegodset for framandt, eller strir det med mine eigne tankar, er det ikkje sikkert at eg er så innstilt på verkeleg å høyre etter og gå inn i argumentasjonen med ope sinn. Den danske avisa «Politiken» sin opinionsredaktør ( eg trur det må vere det same som redaktør av debattspalten i avisa ), Per Michael Jespersen, har sagt nokre kloke ord om dette i ein artikkel som ein kan lese ved å peike og klikke her. I denne artikkelen skriv han litt om kva mekanismar som ser ut til å styre folk sine haldningar til andre dei er usamde med. Det er ikkje hyggeleg lesnad.

Dersom han har rett, kan ytringar og kommentarar til desse bidra til å sementere folk sine førehandsoppfatningar og haldningar, snarare enn å auke forståinga av eit meiningsmangfald. Det er i så fall trist, av di det vil seie at vi som publikum skuslar vekk eit godt høve til å få større innsikt i kva andre tenkjer, og dermed få utfordra vårt eige tankegods.

Er det slik vi vil ha det?

Litt om illustrasjonen i artikkelen : Det er eit utsnitt av eit måleri av den engelske målaren Joshua Reynolds (1723 – 1792) : Self-Portrait as a Deaf Man.
Meir informasjon om toppbiletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Om å tale for døve øyrer