Den som trur at trua er vissa sin fattige fetter, veit ikkje betre.

Tru og visse kan ikkje sameinast. Anten trur ein, eller så veit ein.

Å tru er å halde noko for sant som ikkje kan bekreftast av sikre kjelder.

Å vite er å halde noko for sant som kan bekreftast av sikre kjelder.

I den augneblinken ei sanning er blitt bekrefta som rett eller feil, trur du ikkje lenger at ho er sann. Du veit ho er sann – eller at ho ikkje er det. Du sluttar å tru. Men det kan vere at du då veit at det du trudde, faktisk stemte.

I dag ser ein ofte at folk si tru vert stilt opp mot folk sin viten. «I vår opplyste tidsepoke vet vi at religion er overtro satt i system,» skreiv ei dame i eit lesarinnlegg i BT i januar. I debatten som fylgde var det svært mange som støtta henne i den utsegna.

Men veit vi eigentleg dette? Kan utsegna bekreftast ? Kan ho ikkje det, er ho eit trusuttrykk, verken meir eller mindre.

No skal eg ikkje påstå at utsegna ikkje kan bekreftast. Det veit eg ikkje nok om til å kunne fastslå. Men eg trur det ikkje.

Og eg tillet meg sjølv å tru – og andre det same.

 

Om tru og visse