Sommaren 2015 vart ikkje mykje å rope hurra for. Likevel vart det mykje fint å sjå på i hagen.

Eigentleg hadde eg tenkt å lage nokre biletseriar som kunne syne hagen på forsommear, på høgsommar og på seinsommar. Men slik vart det ikkje. I staden vart det ein serie med bilete av blomar som har blømt i juni og juli. Og så får eg ta sikte på å lage ein serie til litt seinare – fuchsiaane er ikkje begynt å bløme ordentleg enno.

Eg har vald å la bileta stå utan tekst – ein viktig grunn til det er at eg ikkje veit kva alle sortane heiter. Så kan den som vil, lure på om det er ein, ti eller tjue sortar eg ikkje veit namnet på. Vonar at blomane er meir interessante enn svaret på det spørsmålet. Kos deg med bileta !

På hagevandring 1