Kven eg er

Eg er ein privatperson som publiserer på denne heimesida – meir informasjon finn du ved å peike og klikke her.

Om innsamling av informasjon frå dei som vitjar heimesida mi

Av tryggleiksgrunnar vert opplysningar om treff på sidene samla inn og lagra. Denne informasjonen omfattar

  • kva side det var treff på
  • tidspunkt for treffet
  • om det var ein person eller ikkje
  • ip-adressa til datamaskina som vart nytta
  • namn på vertsmaskin
  • plassering av vertsmaskin

Informasjon om treff kan nyttast til å blokkere datamaskiner på bestemte ip-adresser frå å kunne opne sidene. Det kan vere aktuelt dersom ein mistenkjer forsøk på hacking. Men det knyter seg ingen personopplysningar til denne informasjonen.

Kommentarar

Det er ikkje gitt høve til kommentarar på denne sida. Det vert difor heller ikkje samla inn og lagra personopplysningar knytt til dette.

Innebygd innhald frå andre nettstader

Artiklar på denne nettstaden kan ha innebygd innhald (td. videoar, bilete, artiklar) frå andre nettstader. Slikt innebygd innhald frå andre nettstader fungerer akkurat som om du hadde vore på dei andre nettstadene.

Desse nettstadene kan samle data om deg, bruke infokapslar, innehalda tredjepartssporing, og overvake korleis du samhandlar med innhaldet på dei.

Dersom du nyttar høvet til å dele innhald på heimesida mi på sosiale nettverk, er det personvernerklæringa for det aktuelle sosiale nettverket som gjeld.