Dette diktet er eit godt døme på at eit dikt kan romme langt meir enn storleiken på det skulle tilseie. Det handlar om ei kvardagsleg hending – ein tabbe, ville nokon kanskje seie. Men det er også eit dikt om sakn, og om håp.

Det er mange år sidan eg fyrste gongen høyrde diktet opplest på radio – av skodespelaren Gisle Straume, etter det eg minnest. Sidan har diktet kryssa livsvegen min no og då, og kvar gong har det fått meg til stoppe opp og reflektere.

Diktet er skrive av Ragnvald Vaage – ein kort biografi om han kan ein lese ved å peike og klikke her. Eg ser at han har gitt ut ein del diktsamlingar, og må innrømme at eg ikkje har lest ei einaste av dei. Men det er det sikkert høve til å rette på. Bibliotek er ei god oppfinning.

Og då har eg gleda av å presentere dykk for dette fine diktet :

Son, stå opp

Eg var på ferd, kom til ei fatig kone
og skifte seng, då det var smått om plass
med son i huset, jamlik meg i alder,
og søt kom svevnen etter dagsens kjas.

Eg vakna tidleg av at døri rikta
og inn kom kona stilt, med lettføtt lag,
og la si hand som signand på mi panne
og kviskra: «Son, stå opp, no er det dag.».

Eg smilte litt, då varast ho sitt mistak,
fekk sonen vak, og gjekk med brydde drag.
Men aldri gløymer eg den moderhand på panna,
og desse ordi «Son, stå opp, no er det dag.».

Eg drøymer tidt, eg orm som aldri kjende
ei moderhand på panna, heit og mo,
eg drøymer tidt at når eg eingong vaknar
av siste svevn, då vil eg vakne so.

Slå augo opp og kjenne varme hender
lik strok av sol på mine kalde drag,
og høyre milde, milde moderlippor
som kviskrar:  «Son, stå opp, no er det dag.»

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.

Biletet øvst på sida syner ein soloppgang over Geilo. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Ragnvald Vaage : Son, stå opp