Det er ikkje alle som likar å fotografere i regn og gråver. Det er synd.

01_Rosendal_i_regnNår ein fotograferer i gråver, er lyset heilt annleis enn når veret er klårt. Det er jamnare. Ofte fører det med seg at detaljar i lyse og mørke parti vert betre attgitt på bilete. Det kjem kan hende ikkje så tydeleg fram når ein ser bileta i artikkelen, men ved å peike og klikke på dei kan ein sjå større utgåver av dei, og då vert det kan hende lettare å sjå.

Bileta i denne artikkelen er alle tekne i Rosendal sommaren 2014. Fyrste biletet syner Malmangernuten. Her kan ein studere korleis dei ulike grøntonane i skogen er attgitt, og sjå detaljar i fjellsprekkene. Hadde dette biletet vore teke i solskinn, hadde det sett temmeleg annleis ut.

02_BaronietBiletet til venstre av Baroniet røpar at sola slett ikkje var vekke heile tida. Men takka vere skydekket vart skuggane på veggen ikkje så mørke at det gjekk ut over attgjevinga av muren.

Bileta nedunder er detaljbilete av roser i Baroniet sin flotte rosehage. Eitt av dei er teke medan regnet auste ned, det andre medan det var glytt av sol.

03_RoseDet er interessant å sjå korleis dei ulike lystilhøva påverkar attgjevinga av blomane, og det er slett ikkje sikkert at biletet teke i det sterke sollyset er det som framstår som det mest interessante.

07_Rose

Regn i Rosendal