Den 22. februar 2015 la ein teologistudent ut ei ytring på NRK om vitskap og kristendom. I løpet av 36 timar fekk ytringa 676 kommentarar.

Ytringa kan ein lese ved å peike og klikke her. Kommentarane likeså. Eg har ikkje rukke å lese alle kommentarane, men mykje av det eg har lese, synest eg er interessant.

I seg sjølv er det interessant at denne ytringa fekk så mange kommentarar som ho gjorde. At folk tek seg bryet med å kommentere ei ytring er for meg eit teikn på at emnet engasjerer. Religion har ein identitetsskapande funksjon, både for dei som sluttar seg til ein religion og dei som tek avstand frå religion. Innhaldet i kommentarane syner at begge leirane var godt representerte.

Livssynet er ein viktig del av identiteten til eit menneske. Difor må vi forstå at det kan opplevast som eit overtramp når nokon kjem og skal fortelje at det ein trur og tenkjer, ikkje er «rett», med eit mål om å få ein på «betre tankar». Av den grunn er eg skeptisk til folk som vil overtale meg til å tru og tenkje som dei. Eg synest også det vert feil når folk latterleggjer det andre menneske trur på.

Av den grunn er eg meir enn skeptisk til dei som synest det er OK å drive gjøn med det andre oppfattar som verdfullt, eller til og med heilagt. Eg trur ikkje på at satirisk omgang med andre folk sitt livssyn bidreg i særleg grad til å endre maktstrukturar, slik einskilde likar å hevde. Dei som sit ved makta, bryr seg neppe. Å harsellere med andre si livsoppfatning er ikkje å sparke oppover. I beste fall er det å sparke til sides. I dei fleste fall er det å sparke nedover.

Biletet øvst på sida er henta frå The Book of Kells, eit irsk manuskript som inneheld delar av Bibelen.

Religion – kven bryr seg?