11. august 2014 landa eit fly frå KLM på Trondheim lufthavn, Værnes. Det skulle gå to timar før passasjerane kunne forlate flyet.

Grunnen var tiltak som helsestyresmaktene sette inn av frykt for at ein passasjer kunne vere berar av ein smittsom sjukdom, sannsynlegvis ebola. Fleire media skreiv om hendinga, mellom desse VG, Adresseavisa, Aftenposten og NRKEin kan lese desse artiklane ved å peike og klikke på namna til dei media som publiserte artiklane.

No synte det seg heldigvis at denne passasjeren ein frykta kunne vere ein potensiell smittebærar av eit fårleg virus, berre hadde ein uskuldig luftvegsinfeksjon. Men hendinga viste noko viktig : Norske helsestyresmakter har etablert rutinar som skal fange opp potensielle smittekjelder, og er i stand til å setje inn ressursar på svært kort varsel for å hindre spreiing av farlege sjukdomar. Ein kan også lese at røynsler frå denne hendinga vart nytta til å forbetre dei eksisterande rutinane.

Hausten 2015 kom svært mange flyktningar – om lag 5500 i fylgje denne artikkelen i VG – til Storskog i Finnmark. Det skapte ei rekkje utfordringar for dei som skulle handtere dette, og førte med seg eit stort engasjement hos folk, både lokalt og i landet elles.

Eitt av mange spørsmål folk var opptekne av, var om flyktningane kunne vere potensielle bærarar av smittsame og fårlege sjukdomar. At fåren for dette er minimal, vart framheva i mellom anna denne artikkelen frå Folkehelseinstituttet. Googlar ein stikkorda «flyktninger» og «smittefare», vil ein sjå at dette ikkje var einaste artikkelen som vart skrive om emnet.

Dessverre er det ikkje alltid fagleg fundert informasjon vert lytta til :

26. august 2016 la Rita Karlsen på nettstaden Human Rights Service ut artikkelen «Helsetrusselen som holdes hemmelig» – ein kan finne artikkelen ved å peike og klikke her. Størsteparten av artikkelen vert nytta til ein kritikk av departementell praksis i høve offentleggjering av informasjon, samt omtale av ein påstått sak om ein person som nektar å gjennomgå medisinsk handsaming av eigen tuberkulose.

Kjernen i artikkelen ser likevel ut til å vere dette spørsmålet : «Er våre nasjonale politikere i folkevandringskrisesaken villig til å spille rulett med borgernes trygghet?» ( Sitat frå artikkelen. )

Det kan sjå ut som om artikkelforfattaren sitt svar på dette spørsmålet er «Ja», for i artikkelen vert det mellom ann hevda at «Mange av asylsøkerne som ankom Norge under folkevandringskrisen i fjor høst, hadde nemlig med seg sykdommer som til dels var ukjent i Norge og/eller sykdommer som det ikke fantes/finnes medisiner for.» ( Sitat frå ingressen. ) Dette er ein påstand som står i grell kontrast til det som var offisiell informasjon frå norske helsestyresmakter.

Ein annan påstand er denne : «Dette gjelder også barn som ble sendt videre ut i norske skoler og barnehager uten at foreldre ble informert om smitterisiko.» ( Sitat frå ingressen. ) Sidan denne påstanden skildrar ein praksis som strir med gjeldande retningsliner slik desse er nedfelte i Smittevernveilederen, burde denne praksisen vore teke opp med kommuneoverlegen i den kommunen dette har skjedd – gitt det faktisk har funne stad. Etter å ha snakka om saka med helsepersonell, stiller eg meg sterkt tvilande til det. Det ville i så fall vore eit alvorleg brot på medisinsk etikk og god medisinfagleg praksis.

Med tanke på at det no er gått eitt år sidan denne «folkevandringskrisen», burde ein kunne rekne med at eventuelle smitteeffektar ville ha vore synlege i samfunnet. Det kan vere freistande å be Rita Karlsen om å kome med døme på at så har vore tilfelle.

For eigen del er eg ikkje kjend med at det har vore nokon statistisk signifikant auke i sjukdomar som kan tilskrivast det Rita Karlsen omtalar som «folkevandringskrisen». Eg har kan hende ikkje leitt på dei rette stadene ? Og eg har så definitivt ikkje tilgjenge til den typen «fortrolig informasjon» som ho hevdar å ha. Men sidan slik informasjon ville ha styrkt Rita Karlsen sin argumentasjon, reknar eg med at ho deler han med publikum dersom ho har han.

I same ingressen skriv Rita Karlsen dette : «Trusselen skal ha vært så høy i fjor at helseberedskapen ble satt til rødt – i all hemmelighet.» Om dette er korrekt eller ikkje, har eg inga formeining om. Men dersom påstanden stemmer, syner det ikkje anna enn at helsestyresmaktene vurderte ein risiko og responderte på denne. At dette i så fall gjekk stilt for seg og utan at publikum vart informert om det, er heilt i tråd med vanleg praksis når det gjeld offentleg beredskap.

Og dersom Rita Karlsen sin påstand om at mange av asylsøkjarane hadde med seg fårlege sjukdommar og påstanden hennar om at det vart sett i verk ekstra høg helseberedskap stemmer, så er det vel rimeleg å tenkje seg at mangel på nye sjukdomsutbrot kan vere ein indikasjon på at helsestyresmaktene har hatt ein slags kontroll på situasjonen likevel?

Ein skal likevel ikkje ta lett på problemstillinga Rita Karlsen tek opp, nemleg at folk som reiser frå eitt land til eit anna kan dra med seg fårleg smitte. Det er berre det at dei aller fleste som kryssar grensene våre, ikkje er flyktningar eller asylsøkjarar : Berre i fyrste kvartal av 2016 vart det gjennomført om lag 1,2 millionar utanlandsreiser til og frå Noreg. Kjelde : Statistisk sentralbyrå. Det burde vere ålmen kjent at dette kan vere ei helsemessig utfordring, og Folkehelseinstituttet har ved fleire høve publisert informasjon og kome med konkrete reiseråd knytt til smittsome sjukdomar. Eit døme frå seinare tid er informasjon som er publisert om zikaviruset.

Det finnest også andre helsemessige utfordringar. Ei tragisk påminning dette fekk vi då ei norsk kvinne for kort tid sidan døydde på Haukeland sjukehus etter å ha blitt infisert av multiresistente bakteriar på eit sjukehus i Pakistan. Ein kan lese meir om dette i denne artikkelen frå BA.

Kan hende flyktningar og asylantar ikkje utgjer det største helseproblemet knytt til grensepassering likevel?

Eitt siste spørsmål i høve artikkelen til Rita Karlsen : I lys av det som elles er å lese på heimesida til Human Rights Service er det ikkje vanskeleg å forstå at ho ynskjer å framstille flyktningar og asylsøkjarar som eit potensielt helseproblem.

Men kva er samanhengen mellom innhaldet i artikkelen og ingressbiletet til han, ut over at det kan få folk til å vemmast?

Biletet øvst på sida syner eit fly frå KLM som landar på Værnes. Foto: Alasdair McLellan. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Representerer flyktningar ein smittefare ?