En skulle vøri fire år i romjul’n og kjint ei jinte som var nesten fem,
og begge skulle kledd seg ut med masker og kømmi julbokk tel et bæssmorhem.
Og klokka skulle vara midt på dagen og vægen skulle vara lett å gå,
og æille bikkjer skulle vara inne og æille biler skulle bære stå.

Og viss ein møtte onger etter væga som gjorde narr og ville vara med,
så sku en hatt en bror i femte klassen som rødde væg så folk fekk gå i fred.
Og bæssmorhuset skulle mæssom såvå og bak gardina skulle ingen sjå-
før vi fekk stiltre øss på tå i gangen og feste maska før vi banke på.

Så sku vi klampe inn på høge hæler og kvinke julbokkmål: «Godkvell, godkvell».
Og djupt i stolen sku a bæssmor svara: «Så kom det julbokk åt en stakkar lell!»
En skulle vøri fire år i romjul’n da julelysa brente dagen lang-
da væla var et hus med fire vegger, og saligheta var et bæssmorfang.

Julebukkar

Når ein høyrer denne fine visa, er det lett å tenkje at Alf Prøysen her formidlar eit nostalgisk blikk på ein idyll som han ein gong har opplevd, og som han lengtar attende til. Kven av oss litt tilårskomne har ikkje stundom kjent på denne lengten attende til meir uskuldige tider?

Men Alf Prøysen er ein mangslungen diktar, og det er ikkje alltid at det tankegodset ein ser i fyrste omgang, er det einaste ein kan finne i det han har skrive.

Er det «Ein skulle vøri fire år i romjul’n», eller er det «Ein skulle vøri (som) fire år i romjul’n».

Eg trur mest på siste alternativet. Men kva er skilnaden, og kva vil så det seie å vere «fire år i romjul’n»?
I visa skildrar Alf Prøysen kva det vil seie å vere (som) fire år i romjul’n:

  • Ein har vener som er mykje lik ein sjølv.
  • Ein har trygge omgjevnader.
  • Ein har nokon som passar på ein.
  • Ein har nokon som betyr noko for ein.
  • Ein har nokon som ein betyr noko for.

Eg trur at å vere «fire år i romjul’n» kan tolkast som ein metafor for at ein har dei grunnleggjande behova dekka.
Det var slik vi skulle hatt det. Alle. Alltid.

Eg tenkjer at diktet «Romjulsdrøm» like gjerne kunne hett «Romjulsønske», og eg trur Alf Prøysen med glede hadde bytta ut ordet «en» med ordet «alle». For eg har alltid opplevd Alf Prøysen som ein romsleg person.

Då eg skulle velge ein video med Romjulsdrøm var det flust med alternativ å velge mellom. Kjende og ukjende artistar har lagt ut sine versjonar på Youtube. Eg valde den versjonen som greip meg mest, eit opptak med Hege Anette Havik. Eg trur det er mogleg å forstå kvifor.

Du kjem attende for startsida til romjulstankane mine ved å peike og klikke her.

Romjulsdrøm