For mange er idrett viktig, både som aktivitet og som underhaldning. For einskilde er det svært viktig : «Fotball er vår tids religion,» sa Jon Nesbø i eit TV-program for ein del år sidan.

Sjølv har eg eit noko meir distansert tilhøve til idrett. Det er eg sannsynlegvis ikkje åleine om. Dette diktet av Sigbjørn Heie kan vere eit hint om det :

Dyre sekund

Endeleg kan han pusta ut,
lukkeleg og glad.
Han har vunne tevlinga
med to sekund.

No etterpå står han og undrast
på kva han skal bruka
desse dyre sekunda til.

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit fotografi av Jørgen Aukland etter at han vann Wasaloppet i 2013 – truleg med meir enn to sekunds margin. Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.
Sigbjørn Heie : Dyre sekund