Om kvinner i folkemusikken, ved ei av dei.

Omslagsbiletet til CD-en er teke av Silje Chantel.
Omslagsbiletet til CD-en er teke av Silje Chantel.

Sigrid Moldestad frå Nordfjord er ei av mange spanande unge norske folkemusikarar. Det som er litt spesielt med akkurat henne, er at ho på ein naturleg måte klarar å sameine ulike musikksjangrar og stilartar på ein heilskapleg måte, utan at det opplevest som kunstig. Ho leverer kvalitet, anten ho stiller på countryfestival eller kappleik.

I 2007 kom Sigrid Moldestad ut med CD-en «Taus», på Grappa Musikkforlag. Emnet for CD-en var kvinnelege folkemusikarar frå Nordfjord og Sunnmøre. Det kan sjå ut som om ein i desse delane av landet vårt hadde større toleranse for kvinnelege utøvarar enn det som elles var vanleg.

Men det er ikkje det same som at dette var ein enkel måte for desse kvinnene å forsørgje seg på. Vi får eit lite innblikk i denne problematikken :  I ein svært interessant artikkel i heftet som er med CD-en fortel Sigrid Moldestad litt om nokre av spelekvinnene, og om levekåra deira.

På CD-en finn ein fleire slåttar i tradisjon etter kvinnene. Desse tradisjonslåtane er sett saman med Sigrid Moldestad sine eigne songar og melodiar om dei. Med seg har ho ein gjeng dyktige musikarar som bidreg til å gjere musikken på denne CD-en til ei god og innhaldsrik oppleving. Det er ei plate til å verte glad i – og kan hende litt klokare av.

Nedunder er ei lenkje til ein av Sigrid sine songar på denne plata, songen til spelekvinna Samuline Seljeset (1804 – 1872). Hygg deg med den.

Sigrid Moldestad : Taus