Det finnest mange folkelege råd om praktiske gjeremål. Her presenterer Arne Høyland eitt av dei.

Rådet, som førekjem både i tittelen og refrenget på visa ein kan høyre, er kjent frå mange stader i landet. Om det har effekt, kan vere vanskeleg å dømme om. Det er vel ikkje så mange som har høve – for ikkje å snakke om lyst – til å gå i gang med griseslakting.

Men skulle så vere, har altså Arne Høyland eit godt råd å kome med, og når ein har høyrt songen som han har laga om dette, er det neppe mange som kjem til å gløyme dette rådet…

Skolda grisen når da flør