Det er mykje som kan binde oss saman. Av og til ynskjer vi å synleggjere at vi er delar av ein fellesskap.

Dei ivrige personane på biletet over er ein gjeng med Sunderland-supportarar. Biletet er teke på laget si heimebane i 1996. Det er ikkje berre ansiktsuttrykka som syner at desse er lidenskapleg opptekne av laget sitt. Klubbdrakta dei har på, røper dei også.

160620_SkautDet er ikkje berre fotballsupportarar som nyttar klesdrakta til å fortelje noko om tilhøyrigheit. Det ser vi ikkje minst på 17. mai : Noreg har eit stort og variert utval av folkedrakter som har det til felles at dei har oppstått på grunnlag av lokale klestradisjonar. Ein skal ikkje ha stor kjennskap til tradisjonane for å kunne skilje bunadane frå kvarandre, for dei har sine svært karakteristiske særtrekk.

Dermed vert det lett for andre å sjå kvar bunaden og den som går med han kjem frå – Sogn eller Setesdal, Troms eller Trøndelag eller Telemark, eller som her : Frå Åmli. Dette synest vi er OK og hyggeleg.

160620_HijabMindre hyggeleg vert det dersom nokon finn på å ta på seg klede eller klesdetaljar som synleggjer andre tilknytningar, til dømes til religion. Mange meiner til dømes at bruk av hijab eller andre religiøse plagg i det offentlege rom ikkje er bra. Og sjølv om vi i Noreg i dei siste åra i hovudsak har vore opptekne av islamske hovudplagg, er ikkje dette det einaste dømet på at bruk av religiøse symbol i det offentlege rommet kan føre med seg ubehagelege episodar for dei som brukar dei.

17. februar 2015 gjekk den jødiske journalisten Zvika Klein ein titimars tur i gatene i Paris, iført den jødiske kalotten som vert kalla kippah. Turen vart filma, og utsnitt av filmen kan ein sjå nedunder.

Kva Zvika Klein sjølv sa i ettertid, kan ein lese om på denne sida.

Det er ikkje vanskeleg å verte opprørt over oppførselen journalisten vart møtt med frå ukjende forbipasserande. Mannen må no kunne få gå i fred med kippah-en sin. Men kva med dei kvinnene som ynskjer å bruke hijab?  Er vi like støttande når vi ser dei i det offentlege rommet ? Diverse ytringar i ulike kommentalfelt talar eit tydeleg språk: toleransen for dette plagget er ikkje stor.

Men når folkedrakter og supportarutstyr er aksepterte uttrykk for tilhøyrigheit til geografiske stader og idrettsklubbar, kva er då gale med å vise same aksept til plagg som syner tilhøyrigheit til ein religion?

Toppbiletet er teke av Stuart Roy Clarke, England, og er ein del av fotoprosjektet hans, «Homes of Football». Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

Dama med skaut er iført bunad frå Åmli, der skautet er ein viktig del av drakta. Meir informasjon om biletet finn ein ved å peike og klikke her.

Dama med hijab arbeider i ein butikk i Kairo. Meir informasjon om biletet finn ein ved å peike og klikke her.

Slik syner vi kven vi er