Det vert hevda at det store påtrykket av folk utanfrå vil vere ein fare for velferdssamfunnet vårt.

Det er nok rett at det vert  mindre til kvar når det vert fleire å dele på. Samstundes er det slik at det vi deler, er skapt av det vi har ytt. Ved å gi folk høve til å yte, aukar ein også storleiken på det som skal delast. Det vert difor eit noko forenkla reknestykke å seie at det å få inn fleire personar til landet automatisk fører med seg ei rasering av velferdsstaten. På kort sikt medfører nok immigrasjonen eit større press på velferdsordningane, men på lang sikt er nok biletet meir samansett.

Det er også rett å nemne at vi her i landet på eitt eller anna tidspunkt må ta inn over oss at vi har eit konsum som på sikt ikkje er bærekraftig. Ein konsekvens av dette vil verte endringar i korleis vi kan innrette liva våre. Desse endringane vil kome uansett, innvandrarstraum eller ikkje.

Og skal ein først problematisere dette med ytingar, så har rekneskapen ei anna side, ei inntektsside : Kva med dei midlane som samfunnet går glipp av, av di potensielt viktige bidragsytarar vel å emigrere til andre land og betale skatt der ?

Biletet på toppen av sida : Kan hende dette er eit bilete på det mange fryktar skal skje med oss som borgarar av ein velferdsstat ? Meir informasjon om biletet finn ein ved å peike og klikke her.

 << Tankar om situasjonen vi står oppe i  Står vi ovanfor reelle flyktningar ? >>
Står velferdssamfunnet vårt verkeleg i fare?