Det vert hevda at at mange av dei som kjem, ikkje er «reelle» flyktningar og asylsøkjarar, og at det kan vere at ein opnar grensene våre for terroristar.

Til påstandane om at ikkje alle som kjem er reelle flyktningar, vil eg gjerne få sagt dette :

Det er sannsynleg at det blant dei som no kjem inn over grensene våre er ein del «lykkejegarar» som kjem med forventningar om betre levekår for seg og sine. I og for seg er ikkje dette umoralsk – tenk berre på alle dei som emigrerte frå Noreg til USA med akkurat dei same forventningane. Eg trur den auka globaliseringa vil gjere at antalet menneske som ynskjer å flytte til stader der dei forventar å få det betre, ikkje vil verte mindre med åra –  med mindre det vert gjort noko drastisk for at levekåra skal verte så bra der dei er at dei ikkje ser seg tente med å reise.

Alle som søkjer om opphald, må dokumentere at dei har krav på det. Og mange har eit slikt krav, nedfelt i konvensjonar og avtalar som Noreg er bundne av å fylgje. Dersom vi stolar på at styresmaktene gjer ein god nok jobb, må vi akseptere at dei som har fått innvilga opphald, har hatt rett til å ha det. Meiner vi noko anna, må det vere styresmaktene ein set til veggs for dårleg arbeid eller for feile prioriteringar, ikkje dei som har fått innvilga opphaldsløyve.

Eg trur også at dei som kjem inn her, vil ha stor forståing for at norske styresmakter gjer det dei kan for å luke ut potensielle femtekolonnistar som måtte vere blant dei. For det er  nettopp denne typen menneske dei har vore på flukt frå.

Biletet på toppen av sida : Syriske flyktningar i Wien. Biletet er teke av Josh Zakary. Meir informasjon om biletet finn ein ved å peike og klikke her.

<< Står velferdssamfunnet vårt verkeleg i fare ? Står kulturen vår i fare ?  >>
Står vi ovanfor reelle flyktningar ?