Eg trur det er viktig at vi prøver å setje ord på dei store tankane i livet vårt. Kven er vi, kva kjem vi frå, kvar skal vi ? Kva er våre viktigaste verdiar ?

«Eg høyrer kva eg seier, så eg veit kva eg meiner.» Det å kle tankane våre i ord kan vere ein fin måte å gjere dei tydelegare for oss sjølve.

«Eg høyrer kva du seier, så eg forstår kva du meiner.» Det å lytte til andre sine tankar er ei kjelde til mellommenneskeleg forståing. Og lytting er ei aktiv handling. Når ein lyttar til eit medmenneske, fokuserer ein på vedkomande og gjev han eller henne eit rom av tid i sitt eige liv. Då vert lyttinga ein måte å signalisere menneskeverd : «Eg lyttar til deg, fordi du er viktig for meg.»

Mellommenneskeleg forståing er ikkje det same som aksept av alle synspunkt som likeverdige. I utgangspunktet meiner vi alle at våre verdiar, vår meining, vårt syn på saka, vårt perspektiv, er dei rette. Hadde vi meint at eit anna syn enn det vi no har hadde vore det rette, så var det vel eigentleg det andre synet vi hadde hatt.

Vi har alle lov til å meine at vi sjølve veit best. Og det må vere greitt så lenge vi tillet alle andre det same. Det må vere lov vere usamde. Og usemje kan vere nyttig. Usemja kan utfordre tankane og verdiane våre. Og ho kan utfordre toleranseevna vår.

Toleranse er evnen til å leve med ubehaget i det å vere usamd. For å lære å leve i og med dette ubehaget, må vi våge å gå inn i usemja og sjå kva vi faktisk er usamde om, og kva vi kan einast om. Vi må våge å fortelje, og vi må våge å lytte. Og av og til må vi våge å medgi at vi kanskje tok feil.