Religion er ein viktig del av livet for mange menneske. For andre er religion heilt uvesentleg. Men heller ikkje for desse er religion utan betydning.

Grunnen er at religion kan ha mykje å seie for dei verdivala folk gjer, for korleis dei tenkjer og føler, korleis dei agerer. Skal vi forstå kvifor folk er som dei er og gjer som dei gjer, må vi forstå litt av bakgrunnen deira. Og er religion ein del av den bakgrunnen, vil kunnskap om religion vere eit viktig bidrag til slik forståing. Det er også viktig å forstå at for mange er religionen ein del av identiteten. Ein opplever seg som ein del av ein definert fellesskap som består av dei som har same religionen som ein sjølv.

Det er også slik at religionar ikkje berre har påvirka einskildmenneske. Dei har også påvirka samfunnet, både på godt og vondt. Ser ein historisk på det, er det ikkje vanskeleg å sjå desse samanhengane.

Så kan ein seie at samfunnet vårt er blitt meir og meir sekularisert, og religionane har fått mindre og mindre betydning. Det kan nok vere rett. Men samstundes har samfunnet vårt gått frå å vere eit nokså homogent samfunn når det gjeld religion, til å verte meir og meir mangslunge. Og med det har vi fått eit større mangfald av tanke- og verdisett å forhalde oss til. Dette gjer at behovet for kunnskap om religionar neppe er blitt mindre, tenkjer eg.

Eg er ingen teolog, heller ikkje religionsvitar eller misjonær. Eg har ingen planar om å drive forkynning, eller å «omvende» nokon.

Men eg synest det er feil å usynleggjere religion ved å definere det som ein privatsak som skal haldast unna det offentlege rommet. Difor vel eg å skrive om det.

Biletet øvst på sida syner nokre Khrishna-tilhengarar i prosesjon gjennom gatene i Firenze.