Her vil eg legge ut mine kommentarar til ein del emne som vert drøfta i media. Dei vert liggjande kronologisk, med ferskaste kommentaren øvst.

Stigeråsen skole i Skien har gjort noko einskilde karakteriserer som «snikislamisering»: Elevane skal framføre eit julespel som inneheld to vers frå Koranen.

(meir…)

Eg er overtydd om at det er i alle sin interesse at vi har ei fri, uavhengig og ikkje minst etteretteleg presse. Difor er eg villig til å støtte dette med eigne midlar gjennom å abonnere på aviser. Eg ser på det som ei investering i auka kunnskap og innsikt. Men eg forlangar å få noko att for investeringa mi. Eg forlangar at informasjonen eg betalar for å få, er til å stole på.

Avisgutt. (C) InfoWire.dk

Det er ikkje det at vi manglar informasjon. I grunnen er det altfor mykje av det. Mesteparten av informasjonen vi har tilgjenge til, klarar vi ikkje å få del i. Og det er ikkje sikkert at vi alltid får med oss den informasjonen som er viktigast. Det er her eg føler eg må få hjelp. Og gode aviser kan gi meg slik hjelp.

For meg er kriteriet på ei god avis at ho finn fram til viktige saker, og at ho etter beste evne belyser desse ved å plukke fram og setje saman relevant og korrekt informasjon. Når eg føler at eg kan stole på informasjonen eg får, føler eg også at eg kan danne meg meiningar og gi uttrykk for desse, basert på den informasjonen.

Og slik reknar eg med det er for mange – også politikarar som skal ta avgjerder som har konsekvensar for einskildpersonar og for store eller små samfunn. Dersom informasjon frå ei avis ein politikar har vald å stole på bidreg til utfallet av ei politisk avgjerd vedkomande gjer, ligg det eit stort ansvar på avisa om å vere etterretteleg og ha gitt politikaren eit godt vurderingsgrunnlag.

Eg har vald å tru at avisa som kallar seg «Vestlandets storavis», er til å stole på. Konsekvensen av det er at eg i om lag 35 år har abonnert på Bergens Tidende. Og eg har i utgangspunktet ikkje tenkt å slutte med det, for framleis vel eg å tru at avisa har ambisjonar om å framstå som ei fri, uavhenging og etterretteleg informasjonskjelde for meg og for andre som betalar for at ho skal vere det.

Men kva så når eg oppdagar at saker eg har ein viss kjennskap til, vert framstilt på ein slik måte at eg opplever at viktig og relevant informasjon vert halden attende eller forvrengt? Kva så når ei sak vert framstilt på ein måte som gjer at eg følar grunn til å frykte at saksframstillinga kan kome til å påverke politiske avgjerder?

Det gjer sjølvsagt noko med tilliten min som lesar av avisa. For når ei sak eg veit noko om vert framstilt på ein måte som eg oppfattar som tendensiøs eller spekulativ, kva då med alle dei andre sakene som eg ikkje veit nok om til å vurdere sanningsgehalten av ?

Dette vil eg skrive litt om, med utgangspunkt i ein heilt konkret artikkel i Bergens Tidende.

Den 9. oktober skreiv Bergens Tidende om arbeidet med å få finansiert ei bru over Masfjorden. Same dag sende eg eit  tilsvar til avisa. Ut over ei automatisk kvittering på at tilsvaret var motteke, har avisa vore taus. Her er innlegget : (meir…)

8. august 2017 fekk eg vere med på ei storhending i Gulen kyrkje, Eivindvik : Sigrid Moldestad med band heldt konsert med nynorske salmar. Og folka i bandet var ikkje kven som helst : Mest merittert er nok engelskmannen B.J. Cole på pedalsteel. I tillegg til å ha gitt ut fleire plater på eiga hand, har han delteke på plateprosjekt med slike artistar som Elton John, Uriah Heep, Björk og Sting. Men Sigbjørn Apeland, som har spelt mellom anna på trøorgel saman med Sigrid i mange år og Kåre Opheim, som spelte på trommer, er også svært fine musikarar.

BJ Cale

Til saman skapte dei ei musikalsk oppleving som nok vil verte hugsa lenge hos dei som var til stades. Og det dei framførte, var (med eitt høgst heiderleg unntak ) henta frå den nynorske salmeskatten vår. Nye salmar vart framført saman med salmar skrivne av dei store klassiske nynorske salmediktarane våre, som Anders Hovden og Elias Blix. Melodiane til nokre av salmane var komponerte til den aktuelle salmen, medan andre var norske folketonar. Og jamen santen hadde  det også snike seg inn ein irsk melodi og ein munter dansmelodi frå Tyskland. (Ja, tonen til «Fagert er landet» er høgst sannsynlegvis ein sokalla gaillard,  ein spretten dans som var mykje populær i Europa på 1500- og tidleg på 1600-talet. Nynn melodien i dobbelt tempo og med litt rytme, så merkar du fort danserytmen i melodien.)

At desse nynorske salmane har hatt og framleis har eit godt grep om hjarterøtene til folk fekk ein eit godt døme på ved avslutninga av konserten, då alle i kyrkja stod og song saman «Fager kveldssol smiler», utanboks, og med alle versa.

I tillegg til å framføre salmane på ein framifrå måte, ga Sigrid oss ein lita innføring i den nynorske salmetradisjonen. Ho nemnde mellom anna fyrste gongen ein salme vart sungen på nynorsk i ei kyrkje – og det endåtil uløyves. Dette skjedde i Lårdal i Telemark i 1864, på fyrste juledag. Og songen som vart framført den gongen, var «No koma Guds englar». Snakk om protestvise…

Sigrid Moldestad i samspel med Kåre Opheim

Forteljinga om julesalmen fekk meg til å tenkje på juletradisjonane i heimen vår. Av ein eller annan grunn er det underteikna som har fått ansvar for å pusse sylvtøy, samt lysestakar og anna nips av messing og kopar, til jul. Det er ei keisam oppgåve, men særleg rike på den slags jordisk gods er vi ikkje, så oppgåva er overkomeleg. Og eg får løn for strevet, både medan eg driv på med pussinga og etterpå, når jobben er gjort. Eg får tid til å sjå på kor fine og forseggjorte dei er, nokre av desse tinga som vi elles i året knapt vører eit blikk – og lysestakane som vi så altfor ofte sølar stearin på. Eg får tid til å tenkje på ulike historier knytte til dei ulike gjenstandane, historier som høyrer familien min til. Og når dei er ferdig pussa, står dei der og blenkjer og gjer stova ekstra julefin.

Eg synest det Sigrid Moldestad har gjort med dei nynorske salmane, er noko av det same. Ho har teke dei fram, ein etter ein, og gitt dei ein kjærleg omgang med musikalsk polering. Så har ho lyfta dei fram for oss andre, slik at vi kan sitje der nyte resultatet, og glede oss over at vi har slike skattar i vår eigen kultur.

Sigbjørn Apeland på trøorgel

I ei tid der folk er så uroa over korleis det skal gå med kulturen vår, står Sigrid Moldestad fram med botevon for den uroen : Ta fram det vi har av kulturell ballast, og ta ballasten i bruk! Så kan vi glede oss over at noko av den ballasten kjem andre stader frå, slik den irske og tyske melodien var to famifrå døme på.

Tusen takk skal du ha, Sigrid. Du gjer ein viktig jobb.

Bileta i artikkelen er tekne av underteikna før og under konserten. Større versjonar av bileta ser ein ved å peike og klikke på dei.

Eg har lært meg å setje pris på at ikkje alle meiner det same som eg. Mangfald – også meiningsmangfald – er av det gode, synest eg.

(meir…)

Den truleg nest mest berømte frisøren i Noreg for tida truar med å trekkje Løgnaslaget for retten dersom dei ikkje sluttar å kalle vedkomande nazifrisør. 

(meir…)

Ein skulle tru frisørar var opptekne av å ikkje slurve. Frisørane eg kjenner, er alt anna enn lemfeldige med det dei held på med. Men det finnest andre… (meir…)

Radikalisering, kva er det? Vi veit at det skjer. Er det noko å gjere med det?

(meir…)

Vi som er innom ulike fora og sosiale medier på internett, veit at det er mykje ulikt som rører seg der ute. Internett er blitt alle manns talarstol. Og mange nyttar seg av han.

(meir…)

Drivhuseffekten er ein viktig faktor i mang ein diskusjon om klimautviklinga. Men kva er eigentleg denne effekten?

(meir…)