Litt om dei store samfunnsendringane vi er vitne til

Vi har ein situasjon i Noreg som er historisk ny : På eitt år er meir enn 30.000 personar komne inn i landet, mange av dei med eit juridisk krav om å få bli. Alle dei som har rett på – og som dermed vil få – opphald i landet, skal plasserast ein stad, og dei har rett på ein del ytingar frå det offentlege.

Reaksjonane på dette har vore mange. Les ein kommentarfelta på sosiale media, finn ein rikeleg med uttrykk for dette. Dei spenner frå velkomstynskje til det stikk motsette. Men etter det eg kan sjå, kjem fleirtalet  av ytringane frå folk som er skeptiske til at styresmaktene har sluppe in så mange menneske.

For meg ser det ut som om ein kan dele grunnlaga for desse ytringane i fire grupper :

  • Nokre ytringar går ut på at det store påtrykket av folk utanfrå vil vere ein fare for velferdssamfunnet vårt.
  • Andre ytringar går ut på at mange av dei som kjem, ikkje er «reelle» flyktningar og asylsøkjarar, og at det kan vere at ein opnar grensene våre for terroristar.
  • Ei tredje gruppe ytringar går ut på eit så stort innslag av folk med andre verdiar på sikt vil øydeleggje våre verdiar og vår kultur.
  • Ei fjerde gruppe tek utgangspunkt i at det å hjelpe folk her i landet ikkje er kostnadseffektivt samanlikna med å hjelpe dei «der dei kjem frå».

I det fylgjande vil eg prøve å skrive litt om akkurat dette.

 

Biletet på toppen av sida : Dette syner ein keramisk frise som heng på keramikkmuseet i Leeuvarden i Nederland. Motivet er laga av M.C.Escher og avfotografert av Bouwe Brouwer. Meir informasjon om biletet finn ein ved å peike og klikke her.

 << Tankar om verdisyn

Står velferdssamfunnet vårt verkeleg i fare? >>

Tankar om situasjonen vi står oppe i