Strikking er omsorg og estetikk og delingskultur.

Tante Solveig i gang med eit strikkeprosjekt, for om lag eit halvt århundre sidan.
Tante Solveig i gang med eit strikkeprosjekt, for om lag eit halvt århundre sidan.

Eg kan ikkje strikke. Men mange i slekta kan. Bestemor mi var svært flink å strikke. Mor mi likeså. Eg er gift med ei som er minst like flink og har døtre og svigerdotter som vert stadig flinkare. Og eg synest strikking er interessant. Strikking er ein viktig del av folkekulturen vår, og eit handstrikka plagg vert eit uttrykk både for den som laga plagget og den som ber det, og for bandet dei imellom.

Eit strikka plagg symboliserer skaparglede og omsorg.

I dag er strikking i stor del ein syssel for amatørar. Å seie dette er inga nedvurdering av strikkinga – ordet «amatør» tyder «ein som gjer noko av di han eller ho likar ( eigentleg elskar ) å gjere det.

I gamle dagar strikka ein helst fordi ein måtte. Når ein fyrst hadde tråden, var utstyret ein elles trengte for å framstille eit plagg rimeleg enkelt. Pinnar av tre eller metall. Det gjorde også at ein kunne ta arbeidet med seg, og halde på med det når høvet baud seg. Mange sokkar, vottar og huer er nok blitt til medan strikkaren eigentleg heldt på med noko heilt anna, som å gå frå ein stad til ein annan, eller å vere på setra og sjå etter dyra.

Einaste tida ein ikkje hadde strikketøyet framme, var på søndagar og helligdagar. Det fortel sitt : Strikking var arbeid, ikkje hobby og rekreasjon.

I eit tett samfunn der mange strikka, var naturlegvis einskilde flinkare enn andre. Dei kunne rettleie når andre stod fast. Deling av kunnskap er auke av kunnskap. Eg trur dette er forklåringa på at vi har ein strikketradisjon som er så avansert som han er.

I dag har strikkinga ein annan posisjon. Folk treng ikkje gjere det, men gjer det av di – og når – dei vil. Dette kan vere ei utfordring, mellom anna av di det kan sjå ut som om interessen for dette handverket går i bylgjer. Då kan det vere vanskeleg å halde oppe kontinuiteten. Men heldigvis er det råd for dette : For tida ser det ut til å vere eit oppsving i utgjeving av strikkebøker. På internett finn ein oppskrifter og framgangsmåtar, og på sosiale media deler strikkeinteresserte av kunnskapen sin. Eit døme på dette finn ein her.

Dersom ein klarar ta vare på delingskulturen frå nærmiljøet og flytte han ut i skya og halde han ved like der, trur eg det er godt håp for framtida til strikkekulturen vår.

Informasjon om toppbiletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

Tankar om strikking