Jula er ei tid for tradisjonar, vert det hevda. Men kva er ein tradisjon?

Ein tidlegare kollega av meg siterte ein gong noko ein av elevane hans hadde skrive i ein stil: «Når vi gjer noko om att fordi vi likar det, eller fordi vi synest det er viktig, lagar vi ein tradisjon.»

Eg synest dette var klokt skrive. Ein tradisjon er noko vi gjer om att, frå år til år, anten av di synest det er viktig, eller av di vi synest det er kjekt.

For ein del år sidan, då det var bompengebetaling over Nordhordlandsbrua, var det slik at det var gratis å køyre over brua frå klokka fem på julaftan til dagvakta kom på fyrste juledag. Nokre ungdomar nytta høvet til å gjere seg eit ærend over brua på julaftan. Ærendet deira var å samlast etter julemiddagen og køyre gratis til fyrste opne bensinstasjonen på andre sida av fjorden for å kjøpe seg kvar sin hot dog, og så køyre attende. Dette pågjekk i sopass mange år at det vart som ein tradisjon å rekne – tradisjonen vart til og med omtala i ei av lokalavisene.

Eg vil tru at denne tradisjonen forsvann då ein slutta å krevje inn bompengar, og bompengebua vart riven. Og slik er det med tradisjonar: dei lever kun så lenge som vi held dei ved like ved å fylgje dei.

Talar på 17.mai er eit døme på viktige tradisjonar som vi held i hevd. Og det har vi gjort lenge. Dette biletet syner Nordahl Grieg halde 17.mai-tale på ein norsk kystkommandostasjon i England i 1942.

I dag er det mange som gir uttrykk for ein kjensle av at tradisjonane våre er under press. Spesielt synest eg at det frå religiøst ( les: kristent ) hald vert gitt utrykk for at dei kristne tradisjonane knytt til julefeiringa er under angrep. Og eg kan forstå at folk kjenner det slik, for det kristne aspektet ved julefeiringa vert sterkt tona ned i mange samanhengar.

Men då er det viktig å hugse på at ingen tradisjonar kan haldast i live på andre måtar enn ved at dei vert fylgde. Tradisjonar vert fylgde ved at vi gjer noko om att av di vi likar det, eller vi synest det er viktig. Og det er vi sjølve som må sjå til at tradisjonane vi vil halde liv i, vert tekne vare på. Ingen andre.

  • Så synest du det er kjekt eller viktig å gå til kyrkje i jula, så gjer det – også om du ikkje går til kyrkje elles i året.
  • Synest du det er kjekt eller viktig å synge dei gamle julesongane, så gjer det – også om du elles ikkje er nokon kløppar til å synge.
  • Synest du det er viktig at ingen skal kjenne seg utanfor i jula, så ta den telefonen eller stikk innom den som elles ikkje ville fått del i fellesskapen.
  • Synest du at det å feire 17.mai er viktig, så gjer det saman med dei andre der du er.

For det er ikkje på grunn av press utanfrå at ein tradisjon døyr. Ein tradisjon døyr når ingen lenger tek seg bryet med å halde han ved like.

Dette gjeld ikkje berre i jula.
Det gjeld alltid.

Biletet oppe på sida er teke under dei tradisjonsrike karnevalsopptoga i Rio de Janeiro av Nicolas de Camaret – ytterlegare opplysningar om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.
Informasjon om biletet av Nordahl Grieg kan ein finne ved å peike og klikke her.

Du kjem attende for startsida til romjulstankane mine ved å peike og klikke her.

Tankar om tradisjonar – take it or leave it