Litt om å leve i eit pluralistisk samfunn

Eg meiner at mitt verdisyn er det einaste rette. Hadde eg meint noko anna, hadde eg vel strengt tatt  hatt eit anna verdisyn. Men på same måten som eg gjer meg sjølv rett i at mitt verdisyn er det beste, må eg gi alle andre den same retten til å meine at deira verdisyn er best. Vi har alle same retten til å forfekte våre synspunkt, våre haldningar og meiningar i det offentlege rommet. Og så lenge det ikkje rammar andre på ein måte som er ei belastning for dei, skal vi også kunne leve i tråd med det vi meiner er rett. «Man skal ikkje plage andre, man skal være grei og snill. Og for øvrig kan man gjøre hva man vil.» Kardemommelova er slett ikkje så dum, den!

Eg trur det er viktig at vi vert eksponert for mange ulike tankesett. For min eigen del er det slik at dei to einskildpersonane utanom eigen familie som har betydd mest for meg og bidrege til forminga av mitt verdisyn, er ein misjonær og ein meteorolog. Misjonæren, Nils Skjelaaen, hadde ei heilt spesiell tilnærming til kristendommen som eg lært mykje av. Meteorologen, Carl Godske, lærte meg å setje pris på vitskapleg tenking og mange ulike former for kulturelle uttrykk. Eg veit ikkje om desse to mennene nokon gong møttest, og veit ikkje mykje om kva dei måtte ha til felles. Men begge kryssa livsvegen min og påverka tanke- og verdisettet mitt, og det er eg svært takksam for.

Røynslene mine med å få tilgjenge til impulsar frå mange hald er ein viktig årsak til at eg ikkje er bekymra for at vi eller kulturen vår vert øydelagt av å verte eksponert for ulike kulturar og tankesett. Tvert imot er eg oppteken av at vi skal oppmuntre folk med ulik ståstad i livet til å by på seg sjølve – det vere seg i politiske spørsmål, i livssynsspørsmål, i spørsmål om seksuell legning, eller andre emne. Det skal vere lov å vere ulik. Og vi bør alle beflitte oss på å oppføre oss som gjestar i kvarandre sine hus.

Men det er ikkje det same som at vi stillteiande skal akseptere alle andre sine meiningar. Vi må ha lov til å seie oss usamde, og det må vere legitimt – og kan til og med vere naudsynt –  å konfrontere andre med det dei seier eller gjer. Kanskje vil det gjere at dei endrar haldningar, meiningar eller handlingar. Kanskje er det vi som endrar oss, vonleg til det betre.

Dette prinsippet må gjelde alle, utan unntak. Med andre ord : Innvandrarar har ikkje noko særkrav på å verte forskåna for kritiske kommentarar til det dei står for. Men dei skal ikkje utsetjast for dette i større grad enn andre grupper heller, eller mistenkeleggjerast.

Biletet på toppen av sida : Ingen kan vel gjere krav på å kjenne heile sanninga. Historia om den blinde mannen og elefanten handlar om det. Her er ein illustrasjon laga av den japanske kunstnaren Itcho Hanabusa ( 1652 – 1724 ). 

 << «Dei framande» og vi andre Tankar om situasjonen vi står oppe i >> 
Tankar om verdisyn