Eg skal ikkje skryte på meg at eg har all verdas kjennskap til og kunnskap om film. Men eg ser gjerne ein god film, og eg forstår at folk nyttar dette mediet til å fortelje historier dei meiner er viktige å gjere andre menneske kjende med.

Ein film eg verdset svært høgt, er Charlie Chaplin sin «Diktatoren». Her gjev Chaplin «den vesle mann» ei stemme andsynes makthavarane. Lat den stå som eit godt døme på ein god film med ein viktig bodskap.

Når folk engasjerer seg for å hindre visninga av ein film, vert eg nysgjerrig, så då organisasjonen «Med Israel For Fred» – heretter kalla MIFF – oppfordra til ein underskriftskampanje for å få stoppe NRK si visning av filmen «Tårnet», fann eg ut at eg ville finne ut av kva det var så formasteleg med denne filmen.

Utan omtalen frå MIFF hadde eg neppe blitt merksam på han. Men då han vart vist i NRK, sette eg meg ned og såg han. Det er eg takksam og glad for.

I ettertid har eg takka MIFF for at dei gjorde meg merksam på filmen, for det var ei fint framført forteljing, og historia ho fortalde er noko vi treng å verte minna om.

Hovudpersonen i filmen er ei ung jente, Wardi, som bur i ein palestinsk flyktningeleir i Beirut. Vi er saman med henne nokre timar ein dag, frå ho kjem heim frå skulen til seine kvelden. I løpet av denne tida møter ho oldefar, besteforeldre, foreldra, ein onkel og ei tante, samt ei storesyster, og gjennom samtalar ho har med desse får vi glimt inn i tilværet til familien, frå før dei i 1948 vart drivne frå gard og grunn i Palestina då staten Israel vart oppretta, og fram til i dag.

Det er ei tidsramme på 70 år. Like lenge som det babylonske fangeskapet, for å nytte ein gamaltestamentleg referanse. Skilnaden er at etter 70 år kunne jødefolket reise heim att og byggje opp att samfunnet sitt. Det kan ikkje palestinarane.

I  løpet av dei 70 åra i flyktningeleiren har personane i familien gjennomlevd mykje vondt, og ein kan vanskeleg karakterisere livet deira i notida som spesielt godt. Slik eg oppfattar filmen, fortel han noko om den kampen for tilværet dei fordrivne palestinarane må føre den dag i dag. Dette er noko vi høyrer lite om, og eg synest difor denne vesle historia er ei viktig påminning om kva menneskelege lidingar etableringa av staten Israel har påført andre.

Ikkje alle ser filmen slik. Nokre kallar filmen ein rein propagandafilm. Ein av desse, Conrad Myrland – for øvrig dagleg leiar i MIFF – hevda i eit lesarinnlegg i avisa Dagen i oktober 2018 ( all tekst i artikkelen som har feit skrift er peikarar til der eg har henta informasjonen frå) at «Den nye animasjonsfilmen Tårnet har et klart politisk budskap: Etterkommerne av palestinske 1948-flyktninger må få lov til å fjerne Israel som en jødisk stat.» Sanninga er at filmen målber eit håp om at Waida ein gong skal kunne kome attende til staden familien hennar måtte flytte frå. Filmen seier ingen ting om korleis dette skal skje.

Andre går lenger: På ein blogg kalla Toruds blogg kan vi lese fylgjande kraftsalve: «I november 2018 ble den norskprodusert propagandafilmen «Tårnet» lansert både i Norge og i andre land. Filmen som ble lansert både på norsk og engelsk (The Tower), ble laget av Israel-hateren Mats Grorud etter å ha bodd noen måneder i en av Beiruts slummer (Bourj el-Barajneh). Som flere andre mislykkede kunstnere før ham har også Grorud oppdaget at en av snarveiene til berømmelse (og penger) går via å lage en anti-jødisk / anti-Israelsk «kunst».  Og filmen vil uten tvil bli en stor suksess blant de mange jødehatere og uvitende barn i Norge og i verden ellers.»

Då det så vart kjend at NRK planla å sende filmen søndag, starta MIFF ein underskriftskampanje som oppfordra NRK til ikkje å sende filmen. MIFF påstår å ha motteke 1200 underskrifter til støtte for dette.

Men filmen vart send, og MIFF har no klaga dette inn for Kringkastingsrådet. Informasjon om underskriftskampanjen – samt ordlyd i klagen til Kringkastingsrådet – kan ein finne ved å lese her. Eg vil sitere to punkt i klageskrivet, samt seie litt om biletbruken til MIFF i presentasjonen av filmen:

Sitat 1: «Disse infiltrasjonsangrepene, som ofte var rettet mot sivile israelske mål, blir fremstilt som «magiske» og noe som ga «håp»». Den som vil vite kva som faktisk vart sagt, vil finne utsnittet det her er referert til, godt og vel 28 minutt ute i filmen. Der går det tydeleg fram kva som er lagt i ordet «håp» – og det stemmer lite med det Conrad Myrland påstår.

Sitat 2: «I en scene av filmen truer en palestinsk kvinne med å «sprenge meg i lufta». Det blir møtt av latter og kommentaren: «Bare ikke gjør det foran ungene dine.» Det er kanskje et forsøk på makaber humor, men kan også oppfattes som en støtte til selvmordsterror – en redselsfull krigsforbrytelse som har kostet tusenvis av menneskeliv over hele verden de siste tiårene.»

Også her kan det vere på sin plass å sjå samanhengen dette vart sagt i, og det aktuelle utsnittet finn ein om lag 43 minutt ute i filmen. Ein skal ha god fantasi – eller vere tilsett i MIFF, kan hende? – for å kunne tolke dette som «en støtte til selvmordsterror».

Det er forøvrig interessant å sjå at MIFF – med regissøren si godkjenning, vil eg anta? – har vald å illustrere innlegget sitt med ein skjermdump frå filmen der akkurat desse orda fell. Han kunne ha vald andre situasjonar, men valde truleg det han syntest tente argumentasjonen hans best. Eg har vald å syne ein skjermdump av bilettekstane som kom like før replikken om å sprenge seg sjølv i lufta…

For å syne at filmen inneheldt mykje anna også, har eg – med regissøren si godkjenning – plukka ut ein del andre skjermdumps frå filmen. Desse er attgitt nedunder. Dei fleste er med undertekstar – det vart sagt mykje i denne filmen.

No er det slik at det finnest mange filmanmeldarar som har ei anna meining om filmen enn desse  som eg til no har nemnt:

Det kan hende rett å starte med journalist  Frank Lande i nettavisa iTromsø, av di han i fylgje Conrad Myrland har slakta filmen. Og rett skal vere rett – journalisten har lite til overs for dei filmatiske sidene av filmen, og han meiner filmen er for einsidig. Men av ein eller annan grunn har Conrad Myrland unnlate å ta med overskrifta til anmeldaren. Han skriv : «Viktig historie, men svak film.»

Heile artikkelen kan ein lese her.

Andre anmeldarar har vore langt meir positive til filmen. Eg har vald eit knippe av desse, og sitert litt frå oppsummeringane deira.  Vil ein lese meir, kan ein peike og klikke på namnet på kjelda, som er attgitt med feit skrift.

Barnevakten : «Aldersgrensen er satt til ni år. Vi tror filmen kan være nyttig for barn fra denne alderen, som får alvorlig og varmt innblikk i en historie som kan skape sympati og engasjement for å hjelpe andre mennesker.»

Dagbladet: «Filmen finnes i tre versjoner, med henholdsvis norske, engelske og arabiske stemmer. Slik kan den nå det store publikumet den fortjener.»

KK.no : «Håpet er derfor stor for at «Tårnet» nå skal vises til alle skolebarn (og voksne!) over hele verden, slik at man gjennom animasjon og god visuell historiefortelling kan få en større forståelse for hva konflikten går ut på – og ikke minst hva krig har å si for sivilbefolkningen.»

PUTSJ : «Tårnet er en animasjonsfilm med mening. En gjenskapning av fire generasjoners liv fra «katastrofen» til i dag»

NRK : «Tårnet har et tydelig utsiktspunkt til konflikten mellom de palestinske flyktningene og Israel, men dette er en film som er mer opptatt av å skildre opplevelser enn å peke ut skyld. Det er en dypt menneskelig film, som kan skape gjenkjennelighet og forståelse, uavhengig av religiøs bakgrunn eller politisk overbevisning.»

Like lite som filmen skildrar det som førde til at desse menneska vart flyktningar, gjev filmen svar på korleis denne situasjonen kan endrast for dei som er ramma av han. Det blir difor feil å hevde at filmen argumenterer for at Israel skal utraderast som jødisk stat.

For min eigen del må eg berre seie at eg synest det var ein fin film, som ga stemme til menneske som ikkje var skuld i eller hadde noko rolle i dei prosessane som førte til at dei vart fordrivne frå heimstaden sin, og som har måtta betale for dette i alle år sidan. Desse har også eit krav på å verte høyrde. Og dei må ha høve til å leggje fram si historie, sett med deira auge og i deira kontekst. Det er det eg synest denne filmen gjer på ein så fin måte.

Eg innleia denne artikkelen med ein referanse til Charlie Chaplin sin film «Diktatoren». Det var ikkje tilfeldig. Filmen sluttar med at Chaplin i rolla som den vesle jødiske barberen får høve til å halde ein tale på radio. Og eg vil oppmode dei av dykk som har orka å lese så langt som til hit, om å unne dykk å lytte til denne talen. Det er kloke ord til ettertanke.

 

«Tårnet» – eit glimt inn i ei verd vi ikkje vil vite av