Ein skulle tru frisørar var opptekne av å ikkje slurve. Frisørane eg kjenner, er alt anna enn lemfeldige med det dei held på med. Men det finnest andre…

Den frisøren som truleg er den nest best kjende i Noreg for tida, har i liten grad lagt skjul på sin store skepsis til innvandrarar generelt, og muslimar spesielt. To rettsinstansar har vurdert måten ho har uttrykt sin speksis på, som religiøs diskriminering. No ynskjer vedkomande å føre denne saka for Høgsterett.

Det må vere tøft å stå i ein slik prosess, og det kan sikkert kjennast godt å oppleve å ha allierte blant folk med høg kjendisfaktor. Kan hende var dette grunnen til at frisøren 1. februar 2017 valde å dele på sosiale medier ein artikkel frå Dagbladet, datert 3. september 2013?

Artikkelen har tittelen «Hvorfor er innvandring så bra?» og  handlar om politimannen Eirik Jensen, som i fylgje journalisten som skreiv artikkelen «kommer med en bredside mot norsk innvandringspolitikk». Ein kan lese artikkelen ved å peike og klikke her. Og det bør ein gjere. Som det vil framgå av teksten min bør ein ta seg tid til å lese alt som står der.

Det har ikkje gått hus forbi at politimannen Eirik Jensen er trekt for retten, og fylgjande sitat frå frisøren kan tyde på at vedkomande trur at det kan ha noko å gjere med Jensen sitt syn på innvandring : «Ja kanskje ikke så rart at denne politimannen må tas med alle midler ? Dette var nok ikke videre lurt å si Eirik Jensen…..PK har fortsatt makt. Enn så lenge…..»

Men rettssaka Eirik Jensen er involvert i, handlar meir om innføring enn om innvandring. Dei fleste ser nok at det er meir enn ein nyanseskilnad på desse orda.

Det hadde kan hende ikkje vore så dumt om frisøren hadde merka seg det som er lagt til denne artikkelen, for Eirik Jensen kjem med eit tilsvar, og eg siterer : «I en artikkel 3. september påstår Dagbladet at jeg leverer en «Bredside mot naiv innvandringspolitikk». Det stemmer ikke. Min metode er dialog, internt i politiet og eksternt, i møte med alle — uavhengig av om samtalepartneren er norsk eller utlending, lovlydig eller kriminell.»

Så var kan hende ikkje Eirik Jensen frisøren sin mann likevel ?

Litt om biletet oppe på sida : Eg unngår å nytte bilete som ikkje er lovlege å dele. Difor gjekk eg inn på Google og søkte etter bilete merka med frisøren sitt namn, og filtrerte desse slik at berre bilete som kunne delast, vart synte. Det var ei interessant oppleving – eg vil rå folk til å prøve det. Resultatet vil overraske – eller kanskje ikkje ?

Men sidan vedkomande er frisør, valde eg å illustrere artikkelen med eit bilde av einkvan med minst like kledeleg frisyre som den frisøren møtte i Tingretten med. Valet fall på eit bilete av ei byste av Medusa, laga av Gianlorenzo Bernini. Informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

Tek einskilde frisørar permanent feil?