Kommersielle komponistar kan også lage god musikk. Telemann er eit godt døme på det.

Georg Phillip Telemann ( 1681 – 1767 ) er kanskje ikkje like kjend i våre dagar som andre komponistar frå denne tida, som Bach, Händel og Vivaldi. Men det er situasjonen no, ikkje då han levde. For i si samtid var Telemann ein svært berømt og anerkjent komponist.

Han var også ein av dei aller fyrste som kunne leve av å komponere, utan å vere avhengig av kyrkja eller knytt til eit hoff. Mellom anna hadde han store inntekter av å selje komposisjonar via ei abonnementsordning. Når ein høyrer musikken hans, skjønar ein godt kvifor :

Her finn ein eit rikt tilfang av melodisk stoff, pakka inn i smakfulle og ofte humoristiske arrangement. Dette er musikk som er skriven for å underhalde, og det er ikkje vanskeleg å forstå at publikum bokstaveleg talt var med på notane.

Telemann_orkestersuiterProduksjonen til Telemann er svimlande stor, og kvaliteten høg. Utfordringa med å setje saman eit program til dei to CD-ane som her er omtalt, har neppe vore å finne nok interessant musikk. Det har truleg heller vore å bestemme seg for kva ein skulle utelate.

Innhaldet på desse to CD-ane, utgitt på franske Harmonia Mundi, er for det meste orkestersuiter. ( Unntaket er fiolinkonserten med tilnamnet «Les Rainettes» – Froskane. ) På fransk manér er orkestersuitane sett saman av ein innleiande ouvertyre, med ein «hale» av kortare dansesatsar. Dei vert framførte av ensemblet «Akademie für Alte Musik Berlin», som er eit velrenommert orkester med barokkmusikk som spesialfelt.

Og det er tydeleg at dette er musikk dei har teke tak i med stor entusiasme og speleglede. For ein som kan hende ikkje er så godt kjend med musikken til Telemann er dette ei flott innføring i produksjonen hans – og det er musikk ein truleg ikkje vert lei så fort, variert som han er.

 

Telemann : Orkestersuiter