Mange snakkar om krenking, men kva legg vi i omgrepet ?

Den 14. april googla eg ordet «krenke». Eg fekk om lag 309.000 treff. Eit tilsvarande søk på ordet «krenkelse» ga 343.000 treff. Dette er ein rimeleg god peikepinn på at ordet har vore mykje nytta i offentleg ordskifte i det siste. Men kva vil det seie å krenkje?

Ein av peikarane eg fann då eg googla «krenkelse», gjekk til ein artikkel på forskning.no. Den kjem du til ved å peike og klikke her. Eg synest den ga ei god innføring i emnet.

I artikkelen er åtte fagpersonar mellom anna bedne om å gi sin definisjon på kva ei krenking er. Svara deira er litt ulike, og speglar kan hende det faglege perspektivet dei har på omgrepet. Men til saman er svara deira ein peikepinn om at krenking er ein samansett problematikk.

For min eigen del vil eg beskrive krenking slik :

Ei krenking er eit angrep på eit menneske sin integritet.
Ei krenking er ei overlagt handling.
Den krenkande handlinga opplevest som ei nedvurdering av den som føler seg krenka.
Krenking er misbruk av makt.

Innlegga som det er peikarar til nedunder er mine forsøk på å sjå litt på ulike sider ved fenomenet krenking.

"Vi må kunne spøke med alt - noko anna vil vere å setje grenser for ytringsfridomen." Er det verkeleg slik ...
"Hvis du vil ha gleden av pluralisme, må du akseptere smerten i å bli krenket." ...
Fotball er ein forbiletleg idrett. Der vert utøvarane sanksjonerte når dei går på person og ikkje etter ballen ...
Tenkte tankar – krenkte tankar