I slutten av april skal eg til Spania ein tur. Eit innslag på turen er ein dagstur til byen Toledo.

Der har eg vore før, nærmare bestemt i oktober 2014. Det var berre ein dagstur då også, men ein svært innhaldsrik sådan. Her kjem ein liten serie med bilete frå denne svippturen.

Gamle Toledo by ligg på eit berg, omkransa av ei elv på tre kantar. Det tek i utgangspunktet ikkje lang tid å gå frå ende til annan i gamle Toledo, men ein bør rekne seg god tid likevel, for her er det mykje å sjå. Det startar faktisk før ein kjem fram til bymurane, for jernbanestasjonen som ligg eit lite kvarters gange frå byporten, er i seg sjølv litt av ei bygning.

Katedralen i Toledo er ein av dei finaste eg har vore i – og det seier litt, for eg har vore i mange. Nokre av bileta er tekne i eller rundt den.

Men det finnest ei eldre og mest like interessant kyrkje, den gamle visigotiske kyrkja. Ho er i dag eit museum, og folk kan oppsøke kyrkja og beundre dei flotte freskomåleria som er her.

Den jødiske synagogen har også eit interiør som det er verdt å ta ein titt på.

Biletserien startar og sluttar med bilete av Renfe-toga som ga oss ein behageleg køyreur både til og frå Toledo. Og så er det berre å begynne å glede seg!

Peikar og klikkar du på eitt av bileta i montasjen under, får du fram ein større versjon av biletet, og så kan du klikke deg frå bilete til bilete dersom du har lyst.

Til Toledo igjen