Bilete er ein viktig ressurs på ei heimeside. Ein litt krevjande ressurs også.

 

160302_Peikar

Grunnen er at ein har liten kontroll med korleis bileta på ei heimeside vil ta seg ut for den som ser dei. Ikkje veit ein kva skjerm dei ser bileta på, noko som betyr at ein ikkje veit noko om storleik på bileta eller korleis fargane vert attgitt.

Strengt teke veit ein heller ikkje alltid korleis bileta vert plasserte på sida – det skuldast at fleire og fleire heimesider er utforma slik at dei «ommøblerer» innhaldet på sida for best mogleg å tilpasse innhaldet til skjermen det vert sett på. Ei slik utforming vert kalla responsiv, og det er ikkje dumt med ei responsiv utforming når ei side den eine gongen vert synt på ein stor dataskjerm og neste gong på skjermen til ein mobiltelefon, og helst skal vere lett lesbare i begge tilfella.

Det er difor viktig å tilretteleggje bileta ein skal bruke, for dette. Det viktigaste ein gjer, er å beskjære biletet slik at berre den viktigaste informasjonen kjem med. Det gjer det enklare for publikum å tileigne seg informasjonen i biletet – forutan at det kan gjere biletet meir innbydande å sjå på.

Nesten like viktig er det å gjere sjølve biletfila så lita som mogleg. Dette gjer ein på to måtar :

  • Den eine er ved å redusere storleiken på biletet slik at det fyller opp akkurat den plassen det skal ha.
  • Den andre er ved å komprimere biletfila. Når ein reduserer biletfila, reduserer ein samstundes kvaliteten på biletet. Men ein kan redusere biletstorleiken merkbart, utan at kvalitetsreduksjonen er nemneverdig merkbar.

Dette gjer ein enklast i eit bilethandsamingsprogram, eller i ei bilethandsamingsteneste på nettet. Det finnest mange ulike gratisprogram og -tenester som fungerer godt. Brukar du Windows, kan paint.net vere eit godt val. Det har mange nyttige funksjonar, men er likevel ikkje vanskeleg å bruke. Her er ein peikar til ei nedlastingsside for programmet.

For min eigen del har eg laga ein liten arbeidsflyt for desse oppgåvene. Den har eg beskrive litt meir detaljert i eit lite dokument som du kan laste ned ved å peike og klikke her.

Lukke til!