Bilete er ein viktig komponent på heimesidene mine, og eg nyttar en god del tid på å tilretteleggje bileta for publisering på nettet.

Det er ein viss skilnad på å publisere bilete på nettet, samanlikna med bilete på trykk. Den kan hende viktigaste skilnaden er at skjermen ein ser biletet på, har ei mindre oppløysing enn det trykte biletet. Ein annan viktig skilnad er at ein aldri heilt kan vite korleis biletet tek seg ut på mottakaren sin skjerm, korkje med omsyn til storleik og til attgjeving av fargar.

Difor er det vanskeleg å