Mønsteret vert teke over av nye generasjonar

I 1979 vart eg gift med Kirsti. Ho likar ikkje at eg skriv at ho er svært dyktig i mange slags handarbeide. Men eg skriv det likevel. For dyktig, det er ho.

I løpet av den fyrste tida vi var saman, strikka Kirsti to stjernetrøyer, fyrst ei til seg sjølv og deretter ei til meg. Mor, som også var ein svært dyktig strikkar, fortalde seinare at då ho såg Kirsti gå laus på prosjektet «stjernetrøye til Rune» var ho nokså skeptisk. Ei så svær trøye, strikka med totrådig garn og med pinnar i storleik 2 ½, kunne det gå bra? Det kunne det. Velgrunna skepsis gjekk over i velfortent beundring.

Trøyene_våreI tillegg til trådtjukkleik og fargeval skil trøyene Kirsti strikka den gongen seg frå trøyene mor strikka ved at dei har ei kort halsopning. Opninga og halslinninga er kanta med band som Kirsti designa og vov på grindvev.

I banda er det nytta same garnet som i gensaren dei er laga til, supplert med nokre få renningstrådar i ein annan farge som ein liten kontrast.

Ermene er også vidare enn på trøyene mor strikka.

Eit ynskje eg hadde, var tilføyinga av den vesle hundetannsliknande borden mellom hovudmønster og bord og heilt nede på bol og erme. Det var mitt vesle bidrag til mønsteret, og det er artig å sjå dette kopiert på dei trøyene eg har sett som er blitt laga med mi trøye som modell.

Resultatet av arbeidet til Kirsti vart ei trøye som eg har nytta langt mindre enn eg eigentleg har ynskt. For meg vart dette eit stasplagg som eg ynskte å bruke kun i spesielle høve, og slike høve har det ikkje vore nok av. I dei seinare åra må eg konstatere at eg har vakse ut av trøya – i breidda.

Men trøya har eg framleis, og den er eg glad i. Nesten like mykje som eg er i ho som ein gong strikka henne til meg. Men berre nesten.

<< Forrige side : Tråden vert teken opp att Neste side : Du store verda!>>
06 – Tråden går vidare