Kva skal barnet heite ? Det er det nok mange som vil ha meiningar om…

I ein kronikk i BT den 19. september går ordførarane i noverande Lindås, Mæland og Radøy kommunar inn for at den nye storkommunen kommunane deira vil utgjere, skal heite Nordhordland. Dei forventar motstand til forslaget, og det må dei rekne med å få. For motforestillingar til forslaget er det truleg mange av. Eg vil berre nemne nokre få :

Namnet Nordhordland er oppteke. Det er namnet på regionen Lindås, Mæland og Radøy er ein del av, men som også omfattar tre kommunar til. Dette er sjølvsagt ordførarane klår over. Det er rett som dei skriv at regionsnamnet har vore brukt på ulikt vis, til dømes i interkommunalt samarbeid. Men tenkjer ein geografisk, vil nok dei fleste vere samde om at Nordhordlandsregionen omfattar kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland og Radøy.

Og denne regionen må ha eit namn også etter 1. januar 2020. Så kva foreslår ordførarane at regionen skal kallast? Nordre Bergenhus amt, kan hende? Eller er det slik at ordførarane så til dei grader er seg sjølve nok at dei ikkje ser behovet for at den noverande regionen framstår som ein region lenger?

Dernest er det grunn til å dvele litt ved argumentasjonen ordførarane kjem med basert på ei tolking av ei tidlegare innbyggjarundersøkjing. Eg forstår ikkje korleis ordførarane kan ha tolka seg fram til at folk i Fedje, Austrheim og Masfjorden skal ha så mykje mindre grad av tilknytning til regionen Nordhordland enn folk i Lindås, Meland eller Radøy. Mi tolking av utsegna deira er at når dei gode argumenta uteblir, får ein nøye seg med dei mindre gode.

Eg har også lyst å nemne at når ordførarane grunngjev namnerøveriet – for det er eit namnerøveri, sjølv om ordførarane hevdar noko anna – med at «Det (kommunenamnet) skal stå seg i lang tid framover, og vera mest mogeleg samlande for oss som bur i kommunen.» så seier dei samstundes at det ikkje er så nøye for dei kva dei som ikkje bur i kommunen skal samle seg om. Eit pussig signal frå tre personar som i avsnittet før uttrykkjer denne målsetjinga : «Me skal utvikla og drifta kommunen til beste for innbyggjarane, samstundes som alle kommunane nord i Hordaland styrkjer eigen identitet og samarbeider godt.»

Kva kan så vere eit passande namn på den nye storkommunen? Eg skal vere varsam med å leggje meg opp i eit namneval eg strengt tatt ikkje har noko med, ut over at eg sterkt mislikar at namnet på regionen eg bur i kan verte omgjort til nytt kommunenamn. Men skulle eg likevel driste meg til å kome med eit forslag, vil eg meine at Seim kommune kan vere eit godt namn.

Det er fleire grunnar til dette:

Namnet er kort og enkelt, det er knytt til ein stad i ein av kommunane, og det har historiske røter som går langt attende.

Så kan det godt vere at ordførarane har rett i at namnet Seim – og Lindås og Manger –  «kan brukast, men neppe med full samlande kraft», korleis ein no kan måle effekten av denne samlande krafta. Men det kan då vere greitt å minne ordførarane om det dei sjølve har skrive i kronikken sin: «…me veit også at namnesaka og namnevalet vil gå over. Det vil gå seg til!»

Tre ordførarar har lagt eit egg