Litt om tradisjonen med trøyemønster frå Sotra

I Noreg er det ikkje uvanleg at strikkeplagg med spesielle mønster vert knytt til ein stad eller eit distrikt. Selbuvotten, setesdalskofta og fanatrøya er godt kjende døme på dette.

Ein slik mønstertradisjon finn ein også på øyene vest for Bergen. Her er det trøyer eller kofter som har eit mønster som er knytt til området. Sotra er stadnamnet som er knytt til denne tradisjonen, men det er rimeleg å tenkje at tradisjonen er knytt til eit noko større område og også omfattar øyene sør og nord for Sotra, frå Austevoll i sør til Øygarden i nord.

Mønstra som vert nytta på desse trøyene har variantar av åttebladrosa som eit hovudmotiv, med diagonale geometriske bordar som skilje mellom rosene. Mønsteret kjem fram ved at åttebladrosene og bordane vert strikka i ein kontrastfarge til botnfargen.

Stjerne_1_og_2Ikkje alle kallar hovudmotivet for åttebladroser. I min familie vert dei kalla stjerner, og trøyene  stjernetrøyer. Og sidan stjerner berre er synlege på den mørke nattehimmelen, er stjernene på våre trøyer alltid lyse på mørkare botn.

Kor vanleg dette er, veit eg ikkje. Eg har sett døme på at mønsteret er blitt strikka med mørke motiv og bordar på lys botnfarge, så det kan godt vere at dette med dei kvite stjernene berre er ein tradisjon i vår familie.

Og for å ha sagt det med ein gong : Dette er ikkje noko forsøk på å lage ei vitskapleg avhandling om ein strikketradisjon. Snarare er det ein titt inn i tradisjonen, gjennom augene til ein som har fått lov å verte litt kjend med delar av han.

<< Til oversynet
Neste side : Ein ukjend strikkar og ein kjend oldefar >>

 

01 – Trøyer og tradisjonar