Dette diktet står i den fyrste diktsamlinga eg kjøpte : Tu Fu, i gjendikting av Georg Johannesen. 

Tu Fu var ein kinesisk poet som levde frå 712 til 770. Mange av dikta hans er små skildringar av ulike sider av det å vere menneske. Ikkje sjeldan med eit perspektiv sett nedanfrå.

Dette diktet er altså om lag 1250 år gamalt. Dessverre er det syrgjeleg aktuelt den dag i dag. Også hos oss.

Annen henvendelse til Herr Wu

Nabofruen til venstre for dem er en tyv
Hun stjeler fortsatt grønnsaker i Deres kjøkkenhage
Hun er selvsagt fortsatt enke, barn vokser langsomt
Og som De vet: krigen har gjort de fattige fattigere

Jeg synes ikke hun burde være så redd for dem når hun stjeler
Jeg synes Deres nye gjerde er altfor solid

Biletet på toppen er eit utsnitt av eit bilete av den tyske kunstnaren Kathe Kollvitz. Meir informasjon om henne finn ein ved å peike og klikke her.

Eg trur Kathe Kollwitz og Tu Fu ville forstått kvarandre godt, dersom dei hadde møttest.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.
Tu Fu : Annen henvendelse til Herr Wu